Opnar møbelsenter i Valldal

Tre engasjerte møbelseljarar klare til å gi god service og gode opplevingar i Møbelsenteret i Valldal og Vestnes. Frå venstre Peder Misfjord, Arnfinn Dalhaug og Finn Waldal.

Arnfinn Dalhaug har drive Møbelsenteret Vestnes AS i snart fire år. Då han høyrde H.L. Muri skulle slutte med møblar tenkte han – kva gjer Finn Waldal då?

Dei to kom godt overeins og Møbelsenteret Vestnes bestemte seg for å prøve med ei avdeling i Valldal, som då vert Møbelsenteret Valldal.

Gode medarbeidarar

– Til våren har eg drive Møbelsenteret Vestnes i fire år. Det har gått litt opp og ned, men dette året ser tala veldig bra ut og det er noko som gir energi og lyst til å utvikle og drive vidare. Eg har hatt gode medarbeidarar og no når vi har fått Finn med på laget, vert vi endå betre, seier dagleg leiar Arnfinn Dalhaug.

Han er klar over at det ikkje er lett å drive møbelforretning i Valldal med eit så lite kundegrunnlag, men fleire av leverandørane har kontakta han og sagt dei har stor tru på ideen. Den daglege leiaren legg ikkje skjul på at dei er avhengige av at folket i nye Fjord kommune vil bruke dei som møbelleverandør. Det har dei no tenkt å finne ut av.

Storfjordnytt stakk innom då dei tre karane Arnfinn Dalhaug, Finn Waldal og Peder Misfjord var i full gang med å montere og lage til utstillinga i butikken.

Varene strøymer inn

– Vi er alle tre menn med lang og god erfaring og med mange kontaktar. Vi nyttar oss av lokale produsentar som Stordal Møbel og Wonderland på Åndalsnes mellom anna, seier Arnfinn.

No skal dei fylle heile lokalet ved sidan av Sylteormen Bakeri med møblar av ulike slag og lokala leiger dei av H.L. Muri.

– Det skal mykje til for å fylle opp desse lokala. No strøymer det inn varer og sist kom det 70 kolli som skal pakkast ut og monterast, og like mange kjem det vel dei næraste dagane, seier Peder Misfjord.

– Det er viktig å ha eit godt utval slik at kundane våre kan sjå, ta på og vurdere før dei bestemmer seg. Det meste innan møbel er bestillingsvare, det vi har på lager er mest madrassar og slikt, seier Finn Waldal

Valldal – Vestnes

– Vi startar med å halde ope fire dagar i veka, frå onsdag til laurdag. Dei to fyrste dagane i veka held vi stengt no i starten, og så får vi sjå. Det skal ha kome ei avis i posten med tilboda våre, der kan folk sjå sjølve kva vi har å by på før dei tek turen innom. Dei fleste kjenner vel Finn Waldal her inne, han skal vere her mest, men vi kjem til å byte litt på det og somme dagar kan vi vere i lag òg, seier Arnfinn Dalhaug.

Dei tenkjer seg å drage nytte av at dei har to møbelvarehus, slik at dei viser fram ulike modellar på ulike stader. Avstanden mellom Valldal og Vestnes er ikkje så stor, meiner dei.

Opningsfest

– På opningsdagen i Valldal vil vi i tillegg til dei flotte opningstilboda ha mange andre gode tilbod, så her håper vi folk vil halde fram med å handle lokalt. Opningsdagen vil vi gjere til ei kjekk oppleving med kaffi og kaker i tillegg til dei gode tilboda. Ein del av leverandørane våre vil òg vere til stades for å rettleie kundane på best mogleg vis. Vi legg sjølvsagt stor vekt på å yte kundane våre god service som å bringe og sette alt på plass, den servicen er vi godt kjend for. Vi sender òg varer,  seier møbelseljaren Arnfinn Dalhaug engasjert.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no