Oppfordrar til gratis HPV-vaksine

Bente Elisabeth Skarbø (til venstre) og Gerd Haga minner om at HPV-vaksina kan takast ved alle helsestasjonar og legesenter i heile Noreg.

Bente Elisabeth Skarbø og Gerd Haga er svært opptekne av at flest mogleg unge kvinner som er fødde mellom 1991 og 1997 skal benytte seg av HPV-vaksina som er gratis fram til 31. desember i år.

KORT SAGT

Av alle seksuelt aktive blir sytti prosent smitta med HPV (humant papillomavirus). I ei norsk undersøking hadde omtrent 45 prosent av kvinner i 21-årsalderen ein pågåande HPV-infeksjon.

For å motta gratis vaksinetilbod må første dose av vaksina takast innan 31.desember i år og siste dose må takast i løpet av juni neste år.

Dei fleste HPV-infeksjonar gir ingen symptom og går over av seg sjølve, ti prosent får ein langvarig infeksjon.

Langvarig infeksjon med HPV kan gi livmorhalskreft.

På facebooksida «Helsesøstrene i Norddal» kan ein finne kunnskaps- og forskingsbasert informasjon

Kjelde: HPV – informasjon frå Folkehelseinstituttet

Gerd Haga har vore i helsesøsterstillinga ved Storfjord legesenter i Valldal sidan august i fjor. Bente Elisabeth Skarbø skal i gang med helsesøsterutdanning til hausten og er tilsett i femti prosent prosjektstilling ved hjelp av midlar frå Helsedirektoratet. Begge har brei erfaring som sjukepleiarar med vidareutdanning og praksis i ulike felt i helsevesenet gjennom mange år.

Tilboda må følgje samfunnet

– Helsetenesta skal leggast opp etter det som vert anbefalt i Nasjonale faglege retningsliner frå Helsedirektoratet, seier Gerd Haga.

– Alle kommunar er pålagde å ha helsesøster i helse- og sosialstaben sin. Når Bente Elisabeth no tek vidareutdanning, så blir vi to med full kompetanse her.

Frå før har Skarbø vidareutdanning i pykisk helsevern, og har mellom anna erfaring frå neonatal avdeling (avdeling for for tidleg fødde born) ved sjukehus. Ho har og ti års erfaring frå psykiatrisk spesialisthelseteneste.

Gerd Haga har fjorten år bak seg ved ortopedisk avdeling på sjukehus og var ferdig utdanna helsesøster for seks år sidan.

Haga og Skarbø har nyleg oppretta Facebooksida «Helsesøstrene i Norddal».

– Det er utruleg viktig at ein ikkje berre tømer informasjon og krav over ungdomen utan å snakke med dei og la dei kome med sine meiningar. Gjer ein det kan gardina gå fort ned,  understrekar Skarbø.

Både Haga og Skarbø meiner det er kjempeinteressant å vere i helsesøsterstillingar, og ser fram til å dele kunnskap og informasjon med både nybakte foreldre, besteforeldre og unge.

– Det er viktig å ikkje berre sluke rått alt ein les på nettet om helse og sjukdom. Fokuser på det som kjem frå kunnskapsrike kjelder og forsking, er dei klare på.

Hpv

Bente Elisabeth Skarbø fortel at denne HPV-vaksina først kom inn i det ordinære vaksineprogrammet for norske skular i 1997.

– Fem år etter innføring av HPV-vaksina for unge kvinner viser forsking stor nedgang i HPV, seier Skarbø.

Denne typen vaksine har vore forska på i fem år, og det er viktig at kunnskapen om både kva vaksina forebygg og faremomenta ved å ikkje ta den kjem ut til målgruppa ein skal nå.

I Noreg må tre tusen kvinner opererast for alvorlege celleendringar i livmorhalsen kvart år. Tre hundre kvinner får livmorhalskreft årleg. Mange av dei som overlever får langvarige  plager som følgjer av kreftbehandlinga.

Ein HPV-vaksinasjon består av tre dosar som vert injiserte over ein periode på seks til tolv månader. Vaksina vert sett i overarma. Andre dose vert gitt minst ein månad etter den første, siste dose vert gitt minst fem månader etter andre dose. Gravide skal ikkje ta vaksina.

Hittil har vaksinetilbodet vore for jenter, frå hausten av skal gutar i sjuande klasse motta same vaksina som del av barnevaksinasjonsprogrammet.

Mathilde vinje
mathilde@storfjordnytt.no