Orden på arkivet

Lenora Skrede Gjerde har sidan juni i fjor vore tilsett som arkivar i Norddal kommune.

Lenora Skrede Gjerde er tilsett i Norddal kommune som arkivar. Ho ryddar i gamle arkiv og passar på at dokumenta oppfyller klassifikasjonssystemet til offentlege verksemder.

Eit slik system vert ofte kalla ein arkivnøkkel. Systemet skal omfatte alle saksområda til verksemda.

arbeidserfaring

Lenora Skrede Gjerde starta i stillinga i juni i fjor og då i 60 prosent. I dag har ho full stilling i ein jobb ho trivst godt i.

– Å jobbe med arkiv synest eg er spennande. Akkurat no driv eg å ryddar i eit gammalt formannskapsarkiv. Eg søkte jobb for å kome ut og få arbeidserfaring. Utan opphald i skulegang etter vidaregåande og tre år på høgskule, syntest eg det var på tide. I dag har eg bachelorgrad i planlegging og administrasjon, seier ho. 

Arkivaren sit på kontoret i første høgda på rådhuset i Valldal med mapper fulle av papir på alle ledige bordflater. Ho kjenner det var eit rett val ho gjorde og ho trivst godt med å arbeide med arkivering. Ein dag i veka arbeider ho på servicetoget og tek i mot publikum i tillegg til å vere på postrommet, der ho handterer post og leverer den dit den skal.

Elskar å lese

Lenora Skrede Gjerde kjem frå Hareid. Nokre i familien har hytte i Valldal, så ho har vore her nokre gongar før ho flytta hit. Turen attende til Hareid tek ho når det passar slik.

– Ved å flytte hit får eg gått mange fine turar, det er noko eg likar nesten like godt som å lese bøker. Eg har alltid lest bøker, eg elskar det. Det er engasjerande og kjempekjekt, det er mest bøker i sjangeren fantasy, som Harry Potter og liknande, eg likar best, seier Lenora.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no