Ordførarskifte i Stordal

Kommunevalet i Stordal viser at Høgre går tilbake om lag like mykje som Arbeidarpartiet går fram. Dermed er det duka for Eva Hove i ordførarstolen dei neste fire åra.

Femten nye representantar til kommunestyret skulle veljast måndag, og spenninga låg i om Høgre skulle få halde fram med å vere det største partiet og dermed ha ordføraren eller ikkje.

Ap tok dei H mista

Når alle tala var talde opp, viste det seg at det – til liks med trenden i store delar av landet elles – var Arbeidarpartiet som var den store vinnaren. I Stordal var det 190 som hadde røysta på Arbeidarpartiet, det utgjer 39,8 prosent av røystene, ein framgang på heile 17,6 prosent samanlikna med valet for fire år sidan. Det vil seie at Ap er det største partiet i kommunestyret med seks representantar i kommunestyret. Det er to fleire enn sist. Gledeleg er det også å sjå at fire av dei seks er kvinner.

150 personar hadde røysta på Høgre, som med ei oppslutning på 31,4 prosent vart det nest største partiet i Stordal. Det er ein nedgang på 17,2 prosent, dei mista to representantar til Arbeidarpartiet og kjem inn med fire. Ei av dei fire er kvinne.

Senterpartiet gjekk fram med 5,5 prosent til 17,0 prosent med 81 røyster. Dei har i siste perioden vore inne med to representantar, og held fram med det. Også i her er det ei kvinne.

Kristeleg Folkeparti gjekk attende med 1,6 prosent til 6,7 prosent, og med dei 32 røystene partiet fekk, held dei fram med å ha ein representant i kommunestyret. Også Framstegspartiet held fram med ein representant etter eit resultat på 5,0 prosent, ein tilbakegang på 4,3 prosent. Det vil seie at Frp fekk 24 røyster.

Auke i talet på kvinner

Resultatet av valet for fire år sidan, sende Stordal kommune nesten til topps på verstinglista over kommunar med få kvinner. Berre to av dei 15 representantane – eller 13 prosent – som vart valde den gongen var kvinner.

Dei fire komande åra er kvinnedelen betydeleg høgare, med seks kvinner blant dei 15, det gir ein kvinnedel på 40 prosent.

Arbeidarpartiet er gruppa med flest kvinner, fire av dei seks representane frå Ap er kvinner, i tillegg har Høgre og Senterpartiet ei kvinne kvar mellom dei nyvalde representantane.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no