Overløp i Zakariasdammen, ei mektig oppleving

Kronikkforfatterne mener at vannkraft er del av klimaløsningen.

No fløymer vatnet over den 96 meter høge demninga på Zakariasvatnet i Tafjord. Vasspeilet ligg høgt opp til kanten på den eine sida og på den andre sida buldrar vatnet ned i det tronge juvet frå tre overløp.

Zakariasvatnet rommar 70 millionar kubikkmeter vatn.

Når du står på toppen av demminga og stikk nasen over kanten, opplever du eit skikkeleg sug og eit mektig syn. Elva ned mot Øyna i Tafjord er stor att og etter garden Øyna, kan du oppleve endå eit flott fossefall av vatnet som er på veg ned til Onilsavatnet. Fleire stader er det flotte syn med alt vatnet i den gamle elva, men synet er nok ikkje flott for dei som skal produsere straum av vatnet.

Stor snøsmelting

Grunnen til at ein ikkje får produsert straum, er at dei enno ikkje er ferdige med revisjonen av kraftstasjon Tafjord 4. Det er den kraftstasjonen som skulle teke imot vatnet frå Zakariasdemninga. I tillegg har det i den seinare tid vore svært stor snøsmelting i fjellet.

– Det hender frå tid til anna at det vert overløp når det er stor snøsmelting. Denne gongen skuldast det òg den pågåande revisjonen i Tafjord 4, seier kraftverkssjef Svein Gunnar Remme.

No lagar dei straum av vatnet frå overløpet i kraftstasjon Tafjord 2. Den får vatnet frå Onilsavatnet.

– Tafjord 1 greier ikkje ta unna alt vatnet frå Zakarias, så vatnet kjem nok òg til å renne over i Onilsavatnet og ned det gamle elveleiet før Tafjord 4 er klar til bruk. Det er litt vanskeleg å seie når det vert, men ei god veke, ja kanskje to, er tidsperspektivet, seier Remme.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no