På garn i Lingebugen

St. Petersfisken kan verte 90 centimeter lang og åtte kilo tung.

John Inge Smoge drog garn i Lingebugen i Valldal sist laurdag og fekk denne eksotiske fisken på to kilo ombord. Det er ein St. Petersfisk og høyrer til i Middelhavs-området. Den vert kalla havet sin kylling, men John Inge syntest den såg noko skummel ut og gav den vidare til nokon som hadde mot til å settje tennene i den.

St. Petersfisken er ikkje så vanleg på våre breiddegrader, men har den seinare tid dukka opp ved fleire høve langs kysten i landet vårt. Kanskje kan dette tyde på at temperaturen i havet stig, trur John Inge. Elles har det vore dårleg fiske i fjorden denne tida, litt lyr, sei, hyse og torsk har han fått, men John Inge Smoge ventar no på både ferdahysa og ferdatorsken.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no