På julemesse heilt frivillig

Det var mykje fint å få kjøpt på julemessa på frivilligsentralen i Stordal sist laurdag.

Ein laurdag med ruskevêr og julemesse inne på Frivilligsentralen i Stordal er ein god kombinasjon.

15 utstillarar hadde funne vegen dit og bydde fram varene sine. Det tok ikkje lange stunda før folket kom i ein jamn straum, og slik heldt det fram utover dagen.

Inn i drifta

Det lukta kaffi og svele med det same du kom inn døra og like etter lukta dukka ein smilande Bjørg Jacobsen opp.

– Det var ein gjeng som kom saman her tysdag å laga kransar som er til sals i dag. Det grøne vart levert på døra utan noko styr og utan faktura. Det er ei god dugnadsånd på huset, og dei som steiker sveler og står i kiosken, gjer det sjølvsagt frivillig, sprudlar leiaren på Frivilligsentralen i Stordal. Overskotet av julemessa går inn i drifta og til ny aktivitet.

Sogelaget

Inne er det både lokale og litt mindre lokale varer å få kjøpt. Sogelaget i Stordal har ein liten stand og Lars Johan Nygaard har støypt tinnknappar i ei gammal form som far hans hadde med seg til bygda då han kom dit i 1940. Forma er mykje eldre enn det, seier han.

Jitte Eisma og  Rebekka Hatlem, klasseveninna hennar frå Ålesund vidaregåande skule, går begge på mediefag. Dei har starta ungdomsbedrift og sel bilete dei sjølv har teke, redigert og printa ut på lerret i Stordal.

Mat og husflid

Kirsten Ludvigsen frå Holt Gardsmat er til stades med godsaker til jul.

– Her finn du litt av kvart. Saft, gele av rips og rognebær, det er det ikkje så mange som lagar i dag. Ja, så er det nokre sirupskjeks, smurde og tørre lefser og julebrød, seier Kirsten. Det kjem ein kunde og seier ho kikkar etter søst, og det har Kirsten Ludvigsen i ein frysar like ved.

Tove Øvrebust strikkar mykje og har eit bord og ein liten vegg full av produkt ho har strikka. 

– Eg har bra med bestillingar på genserar og anna heile året. Til saman har eg strikka 55 mariusgenserar med smått og stort. Ja det vert ein besettelse, smilar ho og fortel at ho strikkar 76 masker i minuttet. 

Ho har talt dei medan ho gjer andre ting, steiker vaflar til dømes. Da strikkar ho mellom vaffelhjarta.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no