Per Magnus Berdal

Alder: 54 år

Yrke: Gartnar

Parti: Senterpartiet

Tal på periodar i kommunestyret: fire

Tre ord om deg sjølv: Aktiv, ansvarleg og lyttande.

Hjartesaker: Gode kommunale tenester og næringsutvikling.

 

 

 

 

 

Du er ikkje berre listetopp for partiet ditt, men også ordførarkandidat. Kvifor?

Eg var usikker på  om eg skulle stille på ein periode til, men blei oppfordra av partiet til å stille på som ordførarkandidat. Når eg såg så mange gode listekandidatar vi hadde, og politikken til Senterpartiet er så viktig å få fram i ein distriktskommune som Fjord, valde eg å seie ja. Etter to periodar som varaordførar, der eg og fungerte som ordførar eit år, synest eg det er utfordrande og spennande å stille som ordførarkandidat. Om eg skulle bli vald til vervet, vil eg gjere det beste eg kan for å vere ordførar for alle i Fjord kommune. Prøve å legge til rette for at det er godt å bu og jobbe i området vårt.

Du stiller til val i ein kommune som eigentleg ikkje eksisterar enno. Kva synest du om det? Gjer det valkampen litt ekstra utfordrande?

Eg var med på kommunereformprosessen frå starten av og var lenge i tvil om Norddal hadde noko å vinne på å slå seg saman med nokon. Den løysinga vi fekk med Stordal og Norddal har eg god tru på. Vi skal kome godt ut av det både økonomisk og med omsyn til å levere gode tenester.

Litt ekstra utfordrande er det sjølvsagt for meg som ikkje kjenner Stordal like godt som Norddal. Men vi er ikkje så ulike. Vi har då tross alt vore naboar i alle år, og hatt ein god del samarbeid frå før.

Høgre har tatt til orde for å snu om på intensjonsavtalen som mellom anna seier at ordførar, rådmann og rådmannen sin stab skal vere i Valldal og det meste anna deriblant helse skal samlokaliserast i Stordal. Kva meiner ditt parti om dette?

Vi held oss til intensjonsavtalen. 

Eg meiner at kommunesenteret skal lokaliserast i Valldal. I dette ligg det meir enn at kontora til ordførar og rådmann er plasserte i Valldal. Skal vi bygge ein sterk kommune på indre er det viktig det at det vert utvikling i alle bygder og at vi har eit kjend og sentrumsprega kommunesenter. Valldal ligg geografisk midt i kommunen og har gode fasilitetar både av kommunal og privat karakter.

Under forhandlingane var det viktig å fordele arbeidsplassane likt mellom kommunane. Då måtte Norddal vere med på å plassere noko helse i Stordal. Men legekontor er det naudsynt å organisere slik vi har det i dag, med kontor både i Stordal, Valldal og nokre dagar i Eidsdal. Dette er og stadfesta i to ulike rapportar, og noko SP vil halde på. Eg personleg meinte at helse skulle ligge i Valldal og oppvekst, kultur og miljø skulle leggast til Stordal. Stordal er barnas kommune og kjend for sitt eineståande frivillige arbeid. Men dette nådde ikkje gjennom då.

Dei 23 personane som utgjer det nye kommunestyret, er i samarbeid med administrasjonen i praksis dei som bestemmer korleis den nye kommunen blir. Kva meiner du blir det/dei viktigaste tinga å ta tak i?

For at vi skal levere gode tenester er vi heilt avhengige av at dei som jobbar i kommunen har ein god og trygg arbeidsplass med godt arbeidsmiljø og moglegheit for å utvikle seg. Å sy ihop dei to arbeidsmiljøa ser eg på som ei viktig oppgåve framover. Så må vi vidareføre arbeidet med å legge til rette for å skape arbeidsplassar. Det gjeld både nye arbeidsplassar og trygge dei vi alt har.

Ved forhandlingar om ordførarvervet, kven – om nokon – vil partiet ditt støtte?

Først vil vi sjå på valresultatet om kva innbyggarane meiner. Så blir det nok forhandlingar mellom partia. Men vi har ikkje på førehand bunde oss opp med nokon å samarbeide med.

Fjord kommune vil allereie frå dag éin ha svært høg lånegjeld og anstrengt økonomi. Korleis vil ditt parti få kommuneøkonomien på rett kjøl att?

Vi må prøve å få opp inntektene og begrense utgiftene. Inntekter får vi mellom anna frå rammeoverføringar og skatteinngang. SP sentralt arbeider for å auke inntektene til distriktskommunar, ikkje minst med tanke på at kraftbeskatning ikkje blir redusert. Derfor meiner eg det er bra om Fjord kommune blir styrt av SP-politikk den neste perioden. Rammeoverføringane frå staten heng saman med folketal. Så får vi snudd folketalsutviklinga til det positive, vil dette hjelpe på inntektene.

Så må vi på sikt få ein effekt av samanslåinga som gjer at vi kan få ned driftsutgiftene i kommunen. Generelt og spesielt innan helse og omsorg, trur eg det er bra å tilby 100 prosent-stillingar så langt som råd, og å få ned bruken av vikarar.

Kommuneøkonomi heng nøye saman med innbyggjartal. I begge dei to kommunane som skal bli Fjord kommune er folketalet på full fart nedover og skal ifølgje SSB halde fram med det. Korleis vil ditt parti jobbe for å snu denne trenden?

Saman med næringslivet skape nye arbeidsplassar, og trygge dei vi har. Bulyst og framsnakke det gode liv på landsbygda. Tryggleik i kvardagen og gode tenester nær folk.

Vi har den seinare tid sett klimastreikande ungdommar som er uroa over framtida. Er klima og miljø noko som er viktig for ditt parti i den nye kommunen? Og i så fall, på kva måte?

Det er investert i fjernvarmeanlegg i kommunesenteret. Det ser ein no er eit godt klimatiltak. Arbeide for at fleire koplar seg på. SP er for skogplanting og binding av CO2 på den måten. Kanskje skal vi ta i bruk elbil i kommunen, ledpærer i gatelys og enøktiltak. Og så skal vi følgje opp målsettinga om å gjere verdsarvfjordane våre utsleppsfrie.

Kva ser du mest fram til å jobbe med i den nye kommunen?

Vi må få dei to kommunane til å bli ein kommune med «vi»-følelse. Spele på det som kvar enkelt er sterk på for å bygge eit godt lag.

Ha kontakt med næringslivet og prøve å legge til rette for vekst så godt som kommunen kan bidra med. Elles vil eg vise til programmet til Fjord SP.

Til slutt vil eg legge vekt på kor viktig det er å ta vare på folkestyret vårt, og oppfordrar alle til å nytte seg av stemmeretten.

Godt val.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no