Periodevis stenging av fylkesveg 92 Nerhusstranda–Sandfonnneset

Fylkesveg 92 mellom Fjørå og Tafjord har periodevis vore stengt denne veka, det blir den også komande veke.

Statens vegvesen melder at arbeidet med å sikre vegen etter raset på fylkesveg 92 som skjedde 30. september, startar opp denne veka.

Etter planen vil arbeidet halde fram inn i neste veke, altså 43.

Arbeidet startar med skogfelling og rensk av skråninga etterfølgt av montering av fanggjerde og bergboltar. Dette vil føre til at vegen vert periodevis stengd i vekedagane etter følgjande plan:

Kl. 08.15 – 11.30
Kl. 12.00 – 14.15
Kl. 16.30 – 19.00

Hvis vêret tillet det, vil arbeidet venteleg starte opp i morgon, tysdag 16. oktober. Fremdrifta vil avhenge av vêrforholda.