Periodevis stenging av Norddalsstranda

Fylkesveg 92 mellom Fjørå og Tafjord har periodevis vore stengt denne veka, det blir den også komande veke.

Fylkesveg 91 blir stengt i lange periodar mellom Svarthammaren og Murteberget på Norddalsstranda frå måndag 22. oktober til torsdag 25. oktober, det melder Statens vegvesen i ei pressemelding.

Grunnen til stenginga er det skal skiftast ut to gamle ferister. Før dei nye feristene blir monterte, må dei gamle ristene og fundamenta fjernast. Så blir det lagd nye fundament og montert nye rister og grinder og til slutt lagt ny asfalt rundt feristene.

Vegen blir stengt mellom kl. 0830 og 1200 og mellom 1300 og 1600 dei fire dagane arbeidet skal gjennomførast. Nødetatane slepp forbi.

Vegen inn til Tafjord har periodevis vore stengt denne veka, det vil den bli også komande veke (veke 43), med same stengetider som har vore: kl 08.15-11.30, kl 12-14.15 og kl 16.30-19.00.