Petter på heimebane

Petter Løset Skodjereite ser fram til sesongen startar. Han er med på juniorlandslaget i kombinert.

Petter Løset Skodjereite håper på å få vere med på junior-VM i kombinert.

Sist veke var han heime i Stordal på haustferie. Petter går andre året på NTG (Norges toppidrettsgymnas) på Lillehammer.

Han er ein av dei ni elevane som går på linja for kombinert. Petter forklarer at han går vanleg vidaregande skule, som etter tre år gjev studiekompetanse. I tillegg til dei teoretiske faga trenar han. Dei har trening kvar morgon, så er det skule fram til klokka fire. Han tek gjerne ei treningsøkt seinare på dagen også om det høver seg slik.

Landslaget

Petter Løset Skodjereite er ein av dei fire på juniorlandslaget i kombinert. Han fortel at det er ikkje så mykje samlingar vår og haust, det har ikkje vore samling enno.

Til sesongen skal han vere med på Norgescup-renna og eit par NM, både for junior og senior.

– Eg trenar for å prøve å få tur til junior-VM, seier han som eitt av måla for komande sesong.

Trivst

Petter trivst godt på Lillehammer, både på skulen og i idrettsmiljøet. Han var berre 16 år då han flytta dit, men synest det har gått greitt å bu for seg sjølv og å vere heimanfrå. Når han satsar på idretten, må han vere strukturert.

Men Petter føler ikkje at han må forsake så mykje i forhold til jamaldringar.

– Eg har stort sett tid til å gjere det eg har lyst til, eg føler ikkje at eg ofrar nok, eg trivst veldig godt.

I helga var han med som hjelpetrenar på Stordalssamlinga for langrennsutøvarar, ei samling han har vore med på i mange år. Han synest det er alltid like kjekt.

Randi Flø
randi@storfjordnytt.no