Pilgrimsmeny og dyre bilar

På låven vart det servert pilgrimsmeny. På parkeringsplassen til Jordbærstova stod det 22 bilar till ein samla verdi av nærare 500 millionar kroner.

– Dei bestilte for eitt år sidan, seier ei noko hektisk Åse Erstad i siste innspurt før gjestene inntek låven ved Jordbærstova.

Ei høglydt brumming høyrest i det dei første bilane kjem til parkeringsplassen. Ut av dei mange sportsbilane med dører som opnar seg med å gli rett opp, kjem det folk frå ulike delar av verda. Dei har nettopp opplevd å køyre opp Trollstigen for første gong i livet, og deler entusiastisk bilde og videoar frå turen.

Pilgrimsmeny

I høve opninga av pilgrimsleia for eit år sidan komponerte Åse Erstad sin eigen pilgrimsmeny og det er denne ho vil servere dei 55 celebre gjestane. Det er lammeknoke med omnsbakte rotgrønnsaker i rødvinssaus. Desserten er den kjende jordbærkaka.

Gjestane sa seg storleg tilfreds med både maten og staden.

Rundtur

Det spesielle med desse gjestane er at dei er mellom dei med mest formue i heile verda, her var det folk frå mange land, langvegsfarande frå Bahrain, Dubai, Kina, Storbritannia, Monaco og USA.

Svimlande formuer viste att på bilane dei køyrde. Den aller dyraste var ein Rolls Royce, som ein frå Kina køyrde. Ein amerikansk gjest fortalde at det er berre ein slik som er produsert og har ein prislapp godt over 100 millionar kroner. Dei fleste andre bilane var sportsbilar av type Porsche, McLaren, Koeniggsegg og andre.

Det brumma og small godt igjen då dei tok laust frå besøket på Jordbærstova og sette kursen mot Storfjord Hotell i Skodje.

Randi Flø
randi@storfjordnytt.no