Poesi under open himmel

Fylkesbiblioteksjef Annette Elin Koch les dikt medan Bjørg Moltu, Eva Hove. Anne Berit Løset og Palma Øvrebust Flaaen høyrer godt etter.

Sist søndag arrangerte biblioteket og Mental Helse i Stordal stubbedikt-vanding frå Gjerdsstølen på Dyrkorn.

På vegen fram til Svartevatnet var det fire stopp med diktlesing. Himmelen var blå med kvite skyer, utsikta upåklageleg. Dagane før var fulle av regn.

Frå fylket

Det er ikkje mange som driv med stubbediktvandring og sist søndag var fylkesbiblioteksjef  Annette Elin Koch og rådgjevar Vidar Kursetgjerde frå same arbeidsplassen med på det unike arrangementet.

– Eg veit ikkje om at det finst slike arrangement andre stader, ei spesiell og ikkje minst sunn oppleving, smilte fylkesbiblioteksjefen. I færrast mogleg bilar køyrde gruppa på om lag 20 menneske på bomveg opp til Gjerdsstølen på Dyrkorn. Grindopnar var ordføraren i Stordal.

Dikt på råsa

Råsa fram mot Svartevatnet var prega av det fuktige vêret dei seinaste dagane, men som diktaren seier, er ikkje livet berre turar på tørre råser. Dei som las dikt og steva var Bjørnar Midtbust, Anne Berit Løset, Vidar Kursetgjerde, Eva Hove, Annette Elin Koch og Ann Karin Rudi.

Alle hadde dei forskjellige vinklingar og grunnar for sitt val av dikt. Det var interessant å høyre deira grunngjeving for kvifor dei las akkurat det diktet.

Anne Berit Løset leita på loftet på Løset etter ei Inger Hagerup-diktbok, ei lurvete ei ho fekk som barn med tittelen ”Så rart”.

– Dikta til Inger Hagerup er underfundige og undrande. I tillegg er dei morosame når diktaren leikar med orda, sa Anne Berit Løset før ho deklamerte frå minnet.

Råsa vert til medan du går

Vidar Kursetgjerde las eit dikt av Harald Sverdrup som heitte Gamle Louis, ein hyllast til Louis Armstrong som døydde for 45 år sidan. Diktsamlinga hadde han tileigna seg frå kasseringslasset den gongen biblioteket på Dyrkorn vart lagt ned i 1989. Dyrkorn Folkeboksamling var den stempla med. I tillegg las han dikt som far hans, Petter Kursetgjerde hadde skrive. Ein mann frå Hundeidvik med mange talent som døydde i 2010.

Lokalt

Det var stemningsdikt, politiske dikt, harde ord og mjuke. Ei spesiell oppleving å ligge i lyngen og høyre nokon lese for seg. Bjørnar Midtbust hadde funne fram ei bok av Petter S. Dyrkorn og las eit utdrag der forfattaren skildra korleis det var å vere med på slåtten, akkurat på Gjerdsstølen i farne tider. Bjørnar Midtbust avslutta med eit stev om ulykkeleg kjærleik på det andre av fire stopp på vegen fram mot Svartevatnet.

 

Golv

Det er godt å ha
eige golv.
Skolv
det, eller leid det
under deg?
Dansar gjer
ikkje eg,
men eg gjeng då
att og fram
og held på med
mitt.
Eg er sint
stundom,
sint,
og trør tungt,
det må vera noko
ungt
i meg enno,
ungt,
ein villhest som
i taumane rin.
Og stundom kling det
i golv,
so det skranglar
i skåp og kamin.

Olav H. Hauge. Frå diktsamlinga Dropar i austavind

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no