Populært med paintball

Paintballgjengen samla.

I regi av ung fredag vart det arrangert paintball i Tafjord. Det var ca. 20 personar som deltok på arrangementet. Vêret den dagen var ein fin maikveld, men det vart fort varmt under paintballmaskene. Sveitten kom fort fram ettersom kvelden gjekk.

Det vart laga til grillmat for dei som var interessert i det. Emil-Einar Kaldhussæter og Tove Tafjord stod for dette. Celina Tafjord Iversen tok seg av registreringa og betalinga frå deltakarane.

Deltakarane som ikkje var oppe og åt pølser, var nede på bana der dei spelte paintball. Det er to lag med fem personar på kvart lag som prøver å slå ut det andre laget ved å bruke malingskuler til å markere kvarandre på. Det var totalt fire lag som var innpå. Det var aktivitet på bana frå start klokka seks til slutt klokka ni.

Stein Inge Smoge og Olav Kaldhusdal var ansvarlege for arrangementet, som  vart gjennomført på ein god måte, og alle som var der syntest det var ein spennande aktivitet. Paintballgruppa skal prøve å få til regelmessig aktivitet på bana utover sommaren og hausten. Ei facebook-side har meir informasjon.

Randi Flø
randi@storfjordnytt.no