Portrett av ein entusiast

Med sprudlande leskedrikk, kaffi og småkaker hadde Hallgeir Greger og Gunnhild Sætre ein premiere på programmet sist torsdag, som i dag visest for alle på NRK1 kl 20.15.

Av ferja kjem NRK-bilen med Gunnhild Sætre og teknisk assistanse. Hallgeir Greger står utanfor biblioteket i Eidsdal og viser kvar dei skal stoppe. Så er det straks førframsyning av episodetittelen Hallgeir og limousinen i programserien Folk på NRK1.

Det var Hallgeir som tok kontakt med NRK fordi han så gjerne ville få dei til å lage eit naturprogram om alle dei flotte plassane som elles ikkje får merksemd i turistområdet i Norddal og Geiranger.

Entusiasten

Programskaparen vart fascinert over entusiasmen til Hallgeir og slik vart det eit portrett av  entusiasten som vil vise fram det flotte området han bur i.

– Veremåten hans og humøret gjer deg interessert og glad, seier Gunnhild Sætre.

Så var dei i gang med å filme og samle stoff til det 40 minutt lange programmet som visest på NRK1 i dag torsdag 19. mars kl 20.15. Ho er spent på korleis folk vil ta imot programmet og er litt spent i dag òg i det dei frammøtte på premieren finn plassane sine på biblioteket i Eidsdal. Og der er han, den blide entusiasten Hallgeir Greger. Med store bilar på smale vegar i sol og tåke, med og utan passasjerar. Humøret til Hallgeir smittar, det vert sagt mykje morosamt og du treff andre lokale personar det er verdt å få med seg.

Slik livet er

Det er ikkje berre i turistsesongen det filmast og vi får òg vere med på Mekken, garasje og kontor i Eidsdal sentrum. Når sola og turistane kjem, står Hallgeir med limousinen på plass i Geiranger. Det er dagar dei ikkje vert ein einaste tur, men òg gulldagar, som han seier det skulle vore kvar dag i sommarsesongen.

Draumen

Den som kjenner Hallgeir veit han drøymer om å få til eit reiseselskap som skal trekkje turistar til området. Han vil gjerne vise fram dei bortgøymde perlene han meiner det finst mange av i området. I programmet får vi vere med på nokre av desse turane.

– Turismen er utruleg viktig for oss her inne og vi må prøve å finne måtar som kan gi turistane moglegheit til å oppleve kulturen og naturen slik at vi kan skape verdiar og arbeidsplassar, seier Hallgeir entusiastisk.

Det Hallgeir har fått til med entusiasmen sin denne gongen, er er eit 40 minutts program på NRK som viser området og han sjølv med strålande utsikt og med humørfylt innsikt.

Mange turar

Saman med fotograf Øyvind Berge Sæbjørnsen har Gunnhild Sætre vore på mange turar til Eidsdal og i bygdene rundt. Den fyrste turen hadde dei då Hallgeir skulle på EU-kontroll til Karl Martin Rønneberg på Skuset.

– Det har vore kjekt å arbeide saman med Hallgeir og Gudrun Greger og alle dei andre vi har møtt på. Vi er blitt tatt godt imot og folk har vore opne og rause, seier programskaparen.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no

Programmet på NRK1