Posten til Shell i Valldal

Posttenester vert heilt nye oppgåver for Kjetil Støversten og dei som jobbar på bensinstasjonen

Frå 15. eller 16. september vert Posten i Valldal å finne på bensinstasjonen Shell.

Valldal Bilsenter driv bensinstasjonen i tillegg til bilverkastaden. Dagleg leiar Kjetil Støversten seier at dei fekk førespurnad frå Posten om dei ville leggje inn tilbod på å drive postkontor og postboksene, som må ut etter at Rimi-butikken vert lagt ned.

Byggjer om

Støversten forklarer at sjølve postlokala vert i i første etasje inne i ein del av butikken og i forlenginga. Dei vil rive trappa som går til leiligheita i andre etasje og i staden byggje ei trapp utandørs. Innvendig vil dei utvide oppover, slik at dei får ha same vareutvalet i butikken som no.

Støversten fortel at i første omgang var dei litt i tvil om dei skulle ta oppdraget, men har no funne ei løysing dei ser på som god. Han veit ikkje om det blir behov for å tilsetje nokon ekstra for å ta seg av Posten. Dei første to vekene vil det vere nokon frå Posten til stades, slik at dei får opplæring.

Prosessen med ombygging er allereie i gang slik at alt er klart til å ta imot postkundane 15. eller 16. september.

– Dette blir spennande for oss, innrømmer Støversten.

Randi Flø
randi@storfjordnytt.no