Rådmannen sin statusrapport om ny barnehage

Barnehagebygginga i Stordal er godt i gang att og etter kvart får Stordal ein ny barnehage som ser omtrent slik ut. Arkivbilete.

Kommunestyret fekk førre veke vite meir om status i «barnehagesaka».

«Bestillinga» frå førre kommunestyremøte i Stordal var ein grundig gjennomgang av utfordringane knytt til bygginga av ny barnehage. Det la administrasjonen fram denne gongen, og Lars Kristian Øvrebust (Sp) som var den som bad om ein slik gjennomgang, var godt nøgd med måten administrasjonen hadde løyst oppgåva på.

Rådmannen peikar på ein del scenarier som kunne vere aktuelle då det vart avdekka problem med grunnen på barnehagetomta.

Scenario 1 – revurdere val av tomt

Det eine alternativet kunne vere å revurdere val av tomt. Dette ville ifølgje rådmannen vere eit dyrt og omfattande arbeid. Dyrt ikkje minst fordi grunnmuren allereie er støypt, mykje av overbygget som seksjonar og prefabrikkerte element er produserte. Dessutan er også framføring av infrastruktur kome langt. Eit problem med å velje ny tomt er at ein slik som er regulert for offentleg føremål må skaffast og klargjerast med tilhøyrande infrastruktur. I tillegg vil kontrakt med entreprenør måtte reforhandlast, seiast opp eller kjøpast fri. Rådmannen seier at det på dette tidspunktet ikkje var vurdert som naudsynt og heller ikkje spesielt oppnåeleg.

Scenario 2 – stoppe arbeidet og heve kontrakt

Ved å stoppe arbeidet og kreve kontrakten med entreprenøren heva, vil kommunen ende opp med å stå utan ny barnehage. Entreprenøren vil då kunne kome med krav om å få fullføre kontrakten, eventuelt krevje betaling for alle påløpte kostnader – om ikkje byggherre kan påvise at problemet med grunnen skuldast entreprenøren sine tilhøve ved utføring av grunnarbeidet, at tilhøvet skuldast aktløyse eller er gjort med forsett –eller at entreprenøren ikkje vil evne å løyse problemet.

Rådmannen seier at på dette tidspunktet var ikkje situasjonen vurdert å vere slik.

Scenario 3 – pålegge entreprenøren å fullføre kontrakten

Dette scenariet, å påleggje entreprenøren å fullføre kontrakten sjølv om ein ikkje var samd i entreprenørens krav om vederlagsjustering og krav om forlenging av leveringsfristen, var etter rådmannen sitt syn den einaste løysinga som gjev det tinga bygget til tinga kvalitet – og nærast den avtala leveringsfristen. Det er ifølgje rådmannen byggheren, eller kommunen, som her sit med risiko om kva problemet med grunnen skuldast. Dette er ein risiko ein som tiltakshavar må leve med når byggjeoppdrag skal gjennomførast og kan best reduserast ved gode førebuingar ved inngangen til eit prosjekt, står det å lese i saksutgreiinga til rådmannen. Rådmannen meiner også at det på dette tidspunktet var dette alternativet som var det einaste alternativet med ein risiko som kunne vere i samsvar med intensjonen i kommunen sitt vedtak om å gå i gang med prosjektet i den valde kontraktsforma.

Status per 5. desember

Arbeidet med utskifting av masse i byggjegropa er ferdig og det er støypt nye fundament for ytterveggane. Forskaling og støyping av nye veggar i underetasje er i gang.

Arbeidet som er gjort med utbetringar i grunnen er utført etter rettleiinga, er nøye kontrollerte og beskrive av geoteknisk prosjekterande. Ein har også fått ein rapport frå ein uavhengig kontroll av prosjektering, og denne er utan merknader.

Rådmannen ser det slik at det no er all grunn til å tru at den nye barnehagen har fått ei god og varig fundamentering som fyller Stordal kommune sine krav til avtalen med Christie & Opsahl AS.

Slik det ser ut, vil arbeidet fram til jul vere framført om lag dit det var når problema vart varsla, det vil seie at ein er om lag fem månader etter planen. Entreprenør har varsla at dei vil leggje fram revidert framdriftsplan før jul.

Økonomi

Rådmannen fortel at alle utbetalingar til Christie & Opsahl er stoppa og vil ikkje bli sette i verk på nytt før det blir lagt fram eit nytt forslag til betalingsplan som er i samsvar med revidert framdriftsplan. Per 1. desember 2018 er det utbetalt drygt 6,3 millionar kroner til entreprenøren.

Entreprenør har varsla krav om vederlagsjustering på til saman 4,2 millionar kroner, samt krav om forlenging av leveringsfristen for den tida det har teke å rette feilen.

Stordal kommune har tilsvarande stilt krav om dekning av meirkostnader og fråtrekk i vederlaget for dagmulkt som maksimalt – etter 100 kvardagar eller meir – kan utgjere ti prosent av kontraktssummen, altså i overkant av 2,1 millionar kroner.

Når det gjeld det juridiske kan ein ikkje konkludere før det er oppnådd eit forlik eller det er avsagt ein gyldig dom eller oppmannsavgjerd i saka.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no