Rar farkost

Sist laurdag var det ein litt underleg farkost ute på fjorden i det fæle vêret. Den drog ingen stad, berre låg der ute. Det kunne ved første augekast sjå ut som om det var to båtar. Ombord på ferja over fjorden hadde dei eit svar å gi på spørsmål om kva denne båten gjorde.

– Eg trur det avlusar fisk frå oppdrettsanlegget, var svaret. Ved å forstørre biletet kom namnet Ro Arctic til syne. Båten er ein avansert brønnbåt eigd av reiarlaget R RRostein AS, eit av dei leiande brønnbåtselskapa i verda. Båten er heilt ny og vart levert frå Larsnes Mekaniske verkstad november 2014. Båten utfører mange slags oppdrag og har mykje avansert utstyr ombord. Var det avlusing dei dreiv med laurdag, pumper dei tankane full med vatn og fisk og tilset hydrogenperoksid, for å få lusa til å sleppe taket på fisken, for så å pumpe fisken tilbake i anlegget. Den kan òg sortere fisken. Elles nyttast den på fisken si fyrste reis til sjøanlegg og den siste attende for å bli til mat.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no