Regnet vaska ikkje vekk cupgleda

Her spelar Stordal sitt lag J12 mot Ørskog. Innsatsen på bana var det ingenting å seie på, sjølv om sola bestemte seg for å ikkje delta på årets Stordalscup.

I helga føregjekk den årlege Stordalscupen. Trass i at vergudane ikkje spelte heilt på lag, var folk nøgde og programmet var meir enn fotball.

Regnkledde vakter geleida bilistar til parkeringsplassane, og trass regnet som utfordra både fotballspelarar og arrangørar, røpa alle bilane at cup nummer 37 i rekkja var godt besøkt.

For alle aldrar

Borna fann glede i å ri på jungeldyr i plysj. Dyra var elektrisk drivne, gjekk i gangfart og når det vart for vått utandørs gjekk dei like godt inne i teltet som var sett opp.

Inne i hallen hadde mange funne seg plass kring borda, og det var mogleg å rusle mellom ulike standar der mellom anna sal av aromaterapeutiske produkt, tekstilar og «lopper» i hopetal var utstilde. For den som var kaffitørst og hadde lyst på noko søtt, stod kakene klare på lange bord.

Metta både magen og augene

Mykje godt møtte dei som stakk bortom standen til Brito Spekemat, inne på området. Honning, spekemat og syltetøy var nokre av produkta på bordet, og ein smilande seljar Berit Jensen frå Batnfjord på Nordmøre kunne fortelje at det var gledeleg å få vere her under eit såpass stort arrangement. Dei reiser rundt til mange stader i landet, og var samde i at veret kunne vi ikkje gjere så mykje med.

Nøgd cupgeneral

Med om lag 900 fotballspelarar som spelte kampar denne helga, vert det naturleg nok både vinnarar og taparar.

I A-sluttspelet vann mellom anna Stordal J14 3-1 etter straffesparkkonkurranse mot J14 Blindheim, og Stordal IL J16 vann 3-0 over Molde.

Bjørg Jacobsen, leiar for Stordalscup, ser tilbake på ei vellukka helg.

– Det verste regnet kom jo ikkje før utpå laurdagen, seier ho.

– Vi må tole litt, og noko av innhaldet med å arrangere noko er nettopp utfordringar. Vi hadde mange besøkande, foreldre, føresette og andre som ikkje ein gong har nokon som spelar fotball som bidrog til at det vart ei flott helg, held ho fram og seier at ryddeinnsatsen med godt samarbeid på søndag som tok berre omlag to timar, må vere bevis nok på at det meste går når dugnadsinnsatsen er på plass.

Mathilde vinje
mathilde@storfjordnytt.no