Rette karane på rett stad

Jan Gregor Sandblåst i full gang med redningsoperasjonen i sin Chevrolet.

Fredag 22. juli var Jan Gregor Sandblåst frå Valldal på veg til Åndalsnes over Trollstigen saman med Are Leira. Dei hadde ein avtale og det skulle kjøpast racerbil. Nedom brua ved fossen hadde trafikken stoppa opp. Synet som møtte dei i svingen var ikkje til å misforstå. Her vart dei nok stående i nokre timar. Den lange bussen hadde feilrekna svingen og bakhjula på venstre side hang i lause lufta og bakenden av bussen låg nedpå asfalten med fullt trykk.

Fronten på bussen var nesten i autovernet på nedsida. Det var ikkje mogleg å dra den ned, den måtte opp. Køa vaks med om lag hundre meter i minuttet. Å få ein bergingsbil ned til bussen same døgnet verka håplaust.

Jan Gregor og Are stod 20 bilar bak bussen og fann ut dei ville prøve å gjere noko. Med andre ord, Jagge var på saka. Are dirigerte køa ut mot fjellveggen slik at dei kom seg forbi. Dei rydda plass bak bussen, kopla saman sin eigen bil med bussen med ei skikkeleg stropp, sette Chevroleten i 4×4 lav og trakka gassen i botn.

– Det var litt av eit syn. Svart røyk, høge kvin og nydeleg lukt av svidd gummi fylte lufta og bussen rikka på seg. Det eine bakhjulet var oppe på fast grunn. Bussjåføren heldt på bremsa medan vi fekk rygga og korta inn stroppa og så gjorde vi same øvinga oppatt som eit fengande refreng og bussen var laus, seier Jan Gregor Sandblåst og legg til at det var ein herleg følelse å løyse problemet til applaus frå alle turistane som glade slapp å bli ståande fast i kø.

Bergingsløna dei fekk var tre flasker med ein forferdeleg sur vin som truleg ikkje var tolla inn ein gong, samt ein bøygd slepekrok på eigen bil. Dei rakk avtalen på Åndalsnes, litt forseinka og kom heimatt med racerbil.

– Viss du nokon gong skulle få sur vin av ein litt stressa, tykkfallen tysk bussjåfør, kan den tilsettast Brænnesaft for å hjelpe den forbi drøvelen. Så kan du kalle det «Brænnevin», var vår konklusjon når vi i kvilemodus sat på terrassen fredag kveld på Iverholen, ler Jan Gregor Sandblåst.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no