Ring først!

Ring før du tek turen til legekontoret, det er oppmodinga frå Fjord kommune.

Ikkje berre møt opp, ring først! Det er ønsket frå legekontora i Fjord kommune og er eit ledd i kampen mot koronaviruset.

Allereie før helga vart innbyggjarar med legetime sende heimatt, og i ei melding Fjord helse har sendt ut måndag føremiddag, skal dei med timeavtale på legekontoret ikkje møte opp. Legekontoret vil i staden ta kontakt og gjere ny avtale etter vurdering.

Når du har ringt først og kjem til legekontoret, kjem du til låst dør. Ring på, så vert det opna for deg. Denne ordninga vil vare til ny beskjed vert gitt.

I tillegg ønskjer leiinga i Fjord kommune at dei med helsefagleg utdanning eller erfaring som i dag er i andre jobbar, registrerer seg hos kommunen. I første omgang ønskjer kommunen ein oversikt over kva personale som kan vere tilgjengeleg og som kan kontaktast dersom kommunen kjem i ein situasjon der det er mangel på personale.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no