Roger Lillebø

Alder: 71 år

Yrke: pensjonert lærar.

Parti: Fjord Kristeleg Folkeparti

Tal på periodar i kommunestyret: Ein periode + eitt år i Gjemnes kommune, tre periodar i Stordal kommune, og ein periode i Gjemnes skulestyre.

Tre ord om deg sjølv: Ein påliteleg, roleg, kristen fråhaldsmann.

Hjartesaker: Borna sine oppvekstvilkår, eldreomsorg og fråhaldssak.

 

 

 

 

Du var listetopp ved valet for fire år sidan i Stordal og stiller nok ein gong på toppen av lista, denne gongen i Fjord kommune. Kvifor? 

Eg vil vere med å markere Kristeleg Folkeparti som eit alternativ i lokalpolitikken. Står først på lista fordi eg vart beden om det. Elles greidde vi å stille liste etter minstekravet, med mange gode kandidatar.

Du stiller til val i ein kommune som eigentleg ikkje eksisterer enno. Kva synest du om det? Gjer det valkampen litt ekstra utfordrande?

Om vel fire månader har vi ein ny kommune. Det er eit faktum. Ein del tiltak har vore gjort for at folk frå Stordal og Norddal skal verte meir kjende med kvarandre, og det må ein også halde fram med etter kommunesamanslåinga. Den store utfordringa blir å gjere dei noverande to kommunane Stordal og Norddal til ein kommune, Fjord, og få dei til å gå i takt. Dette har fellesnemnda alt arbeidd lenge med, men no skal det bli meir på alvor, der to kanskje litt ulike kulturar når det gjeld kommuneleiing skal syast i hop til ein einskap. Eg vonar at vi får ein kultur der meiningsmotstandarar både omtalar og tiltalar kvarandre med respekt.

Høgre har tatt til orde for å snu om på intensjonsavtalen som mellom anna seier at ordførar, rådmann og rådmannen sin stab skal vere i Valldal og det meste anna deriblant helse skal samlokaliserast i Stordal. Kva meiner ditt parti om dette?

Intensjon tyder å ha eit ynskje om. Intensjonsavtalen er eit vedtak om kva vi ynskjer i lag. Den har vore styringsreiskapen for fellesnemnda. Skal det gjerast slik Høgre gjer framlegg om, må intensjonsavtalen gjerast om, og det blir mykje som må gjerast om dersom ein no skal gjere endringar i det vi ynskjer å gjere i lag. Eg ser på noverande intensjonsavtale som det målet vi styrer fram imot.

Dei 23 personane som utgjer det nye kommunestyret, er i samarbeid med administrasjonen i praksis dei som bestemmer korleis den nye kommunen blir. Kva meiner du blir det/dei viktigaste tinga å ta tak i?

Det viktigaste no er i fellesskap å ta grep som gjer at kommunen Fjord blir ein god kommune å vekse opp i, arbeide i, og verte gammal i. I tillegg må ein gjere den nye kommunen til eit attraktivt tilflyttarmål med gode fasilitetar og strukturar som lokkar folk til å flytte til kommunen. Både Valldal og Stordal har nye skular, og Stordal har i tillegg ein splitter ny og moderne barnehage som skal takast i bruk i haust. Dette må brukast aktivt i marknadsføringa for å få folk til å sjå på bygdene våre som gode bustadområde.

Ved forhandlingar om ordførarvervet, kven – om nokon – vil partiet ditt støtte?

Dersom vi kjem inn i kommunestyret, så er ordføraren i Stordal, som også er leiar i fellesnemnda, ingen dårleg kandidat. Ho har også fungert som varaordførar i Stordal. I alle høve trur eg det blir ei krevjande rolle å fylle for den som blir vald.

Fjord kommune vil allereie frå dag éin ha svært høg lånegjeld og anstrengt økonomi. Korleis vil ditt parti få kommuneøkonomien på rett kjøl att?

Dette blir ei stor oppgåve for det nye kommunestyret. Eg trur vi faktisk må bruke ordtaket «å setje tæring etter næring» som ein styringsreiskap. Mange ting ventar på å bli gjort i begge noverande kommunar, og dei blir ikkje borte sjølv om ein slår kommunane saman. Vi må lære å sjå heile Fjord som ein einskap, og ikkje la lokalpatriotismen ta overhand, men ta saklege og gode avgjerder.

Kommuneøkonomi heng nøye saman med innbyggjartal. I begge dei to kommunane som skal bli Fjord kommune er folketalet på full fart nedover og skal ifølgje SSB halde fram med det. Korleis vil ditt parti jobbe for å snu denne trenden?

Ein bør legge til rette slik at menneske i fertil alder kan sjå det attraktivt å setje born til verda, og lokke nokon av dei som bur i andre kommunar, kanskje med tilknyting til Norddal og Stordal, til å flytte hit. Eit aktivt næringsliv som kan tilby nye arbeidsplassar er også viktig her. Tomme næringslokale må bli tekne i bruk att.

Vi har den seinare tid sett klimastreikande ungdommar som er uroa over framtida. Er klima og miljø noko som er viktig for ditt parti i den nye kommunen? Og i så fall, på kva måte?

Klima og miljø er viktig for alle. Nedbygginga av produktiv matjord må bremsast, og tilplanting av uthogne plantefelt, som det no finst mange av langs fjorden, må stimulerast. Elles må alle ta sin del av ansvaret med å kjeldesortere og redusere eige avfall.

Kva ser du mest fram til å jobbe med i den nye kommunen?

Eg ser fram til å arbeide med saker som kan skape bulyst og tiltakslyst i bygdene våre.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no