«Røtter» på Møll på seinsommaren

Karin Linge Anderssen skal ha salsutstilling på Møll i august.

Første helga i august blir det på ny kunstutstilling på Møll, og årets kunstnar er ei fargerik dame frå Nesodden med anar frå Linge og utstillinga har ho kalla «Røtter».

Karin Linge Anderssen er årets kunstnar når Anette Møll for tredje gongen gjer Møllstunet om til kunstgalleri og inviterer kunstinteresserte på besøk. Anderssen sa ho vart overraska og glad då ho fekk epost med førespurnad om dette var noko ho kunne tenkje seg.

– Yes, det har eg lyst til, var reaksjonen då eposten frå Anette kom, seier ho med eit stort smil. På spørsmål om korleis Anette Møll fann fram til akkurat denne kunstnaren, får Storfjordnytt vite at dei to har kjent kvarandre i over 20 år.

– Vi vart kjende ved at han eg var gift med, arbeidde saman med mannen til Anette, i tillegg til at dei også på Nesodden, fortel Karin.

Røtter og kunstterapi

Enkelte av Storfjordnytt sine lesarar kjenner kanskje Karin Linge Anderssen, ho ættar frå Linge som namnet antydar. Bestefaren hennar kom frå Skuset i Eidsdal, men flytta over fjorden, busette seg i bugen og tok namnet Linge. Karin tilbragte mang ein sommarferie på Linge og seier det alltid var ei glede å kome dit, kanskje spesielt fordi bestefaren var dyktig til både å teikne og måle.

”Stairways to heaven” har Karin Linge Anderssen kalla dette biletet – farge-rikt og kraftfullt i uttrykket

”Stairways to heaven” har Karin Linge Anderssen kalla dette biletet – farge-rikt og kraftfullt i uttrykket

Karin har alltid halde på med noko kreativt – anten det har vore med tekstil eller med lerret og pensel. Å måle starta ho med for om lag tolv år sidan etter skilsmissen. Studerte kunstterapi gjorde ho også, og det ho lærte der har hjelpt henne med å bruke kunsten til å bearbeide sine eigne erfaringar og kjensler. Når ho ikkje måler, arbeider ho for tida som lærar, men det er bilete og kunstterapi ho aller helst vil drive med.

– Kunstterapi er ikkje så kjent ennå, men vil bli meir og meir brukt ettersom ein ser etter fleire kjemikaliefrie metodar for behandling innan psykiatrien, seier ho.

– Blir glad i bileta

Ho måler i akryl, og ho fortel at det gjerne er fargesterke bilete i stort format. Ho synest det blir spennande å stille ut på Møll – tanken er at bileta skal henge både ute og inne. Men ho synest framleis at dette med å stille ut er litt rart.

– Eg hugsar første gongen, eg var veldig usikker på om eg skulle tore å vise fram arbeida mine, men så torde eg og reaksjonane eg fekk var veldig positive.

Karin seier det uansett blir tomt når det forsvinn mange bilete på ein gong til ei utstilling. Ikkje berre blir det tomt i leiligheita, ho saknar dei også.

– Eg blir glad i bileta mine og mange av dei er svært personlege. Eg kan rett og slett sakne dei, fortel ho.

Inspirasjon til nye bilete kan kome når som helst.

– Bileta kjem til meg og vil bli måla, seier ho og legg til at ho i løpet av praten med Storfjordnytt har fått mange nye bilete som gjerne vil ut.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no