Salaten veks i plantefabrikken

Vibeke Evensen med ein herleg, grøn og frisk salat som smakar godt og har vokse opp i Stordal.

Ein garasjeport i Hellandbygget, heilt nede ved fjorden i Stordal, står open og lys strøymer ut. Storfjordnytt har ein avtale med Vibeke Evensen og mellom reolar med salat og andre vekstar dukkar ho opp.

Lotics har halde hus i lokala i snart to år og har den tida hatt eit testprosjekt i gang der produksjon av salat og andre grøne vekstar skal nytte vatn med avfallsstoff og næringsstoff frå settefiskanlegg.

KORT SAGT

• Lotics starta opp som studentbedrift, no er det eit aksjeselskap.

• Har halde på i Hellandbygget i Stordal i snart to år.

• I denne perioden har Lotics testa ut dyrking av grønsaker direkte i vatn frå settefiskanlegg. Produksjonsmetoden kallast aquaponics.

• Aquaponics går ut på å kombinere akvakultur med planter i eit lukka økosystem der vatnet frå fisk gir plantane næring.

• Lotics er del av ei større planlagt satsing i regi av Vekst i Stordal med mellom anna smoltanlegg på land, oppdrett i sjø, insektproduksjon og aquaponics.

• Om storsatsinga vert realisert, avheng av kva Fiskeridepartementet landar på i klagebehandlinga av avslaget på konsesjonssøknaden til Norsk Sjømat på Stranda.

Det fungerer

Inne i lokalet er det reolar med vekstar med ledlys tett over. I fleire høgder er dei plasserte i det som kallast ein plantefabrikk når skalaen er større.

– Slike anlegg finst mange stader i verda, men ikkje her i Noreg. Det er som eit økosystem i miniatyr. No er vi i slutten av driftsperioden og eg er godt nøgd med resultatet. Det er ingen tvil om at dette fungerer. Det veit vi frå anlegg i andre land, det er tilpassinga til dei norske forholda vi har gjort, seier gründer Vibeke Evensen.

Tre store kummer med fisk er utgangspunktet­ for prosjektet og elles er rommet fylt av reolar med lys, røyr og filter.

– Dette er biofilteret og det er hjartet i dette systemet. Enkelt sagt er det med på å gjere avfallsstoff frå fisken om til næring plantane kan nytte. Ein tank samlar opp slammet og etter ei tid med pumping av oksygen inn i slammet, er det òg fritt for næringstoff. Når plantane har gjort sitt er vatnet reint og kan pumpast attende til fisken eller rett i fjorden, seier Vibeke entusiastisk.

Plantefabrikk

Tida som er att av testperioden skal nyttast til å perfeksjonere delar av systemet. For Lotics er det eit konsept dei kan selje vidare. Gleda av å leggje til rette for sunn og berekraftig produksjon av mat er drivkrafta.

Vibeke Evensen ser òg til å trivast godt med dette arbeidet. Ho har entusiasmen til ein gründer og ein energi som sikkert ikkje plantane har vondt av. Plantefabrikk i tilknyting til settefiskanlegg ser ho føre seg som ein naturleg måte å reinse vatnet frå slike anlegg og samstundes lage mat som ikkje treng å transporterast over lange avstandar. I tillegg vert matberedskapen teken vare på, er hennar klare meining.

– Ein plantefabrikk i full skala er avhengig av eit settefiskanlegg og investorar som vil vere med på ei slik grøn og berekraftig satsing. Då vert grønsaker som ikkje er sprøyta og som kjem frå Noreg produserte, seier gründeren.

Fleire sortar

Mange typar salat er testa i tillegg til tomat, squash og blomster. Alle plantane trivst godt og veks bra. «Micro greens» har dei òg dyrka fram. Det er spirar av ulike slag som dei matinteresserte og dei som vil ha alternativ vitaminkjelde er opptekne av.

– Moglegheitene er mange og ein plantefabrikk treng ikkje så store areal då plantane kan stablast i høgda. Du kan hauste heile året, om lag åtte avlingar i løpet av eit år om du dyrkar salat, seier ho.

Pilotanlegget har fått støtte frå Innovasjon Norge og Vekst i Stordal. Stordal Aquaproduksjon AS vart etablert for å gjere naudsynte førebuingar fram til ei investeringsavgjerd. Selskapet eigast i dag av Norsk Sjømat Holding AS, Aquagen og Vekst i Stordal (Stordal kommune).

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no