Samlar inn data

Ved eit varig merke ved Vad bru set Rune Lien opp ein GPS-referansestasjon. Med dei dataen som han samler inn skal nøyaktig høgde på høgdekurvene til den nye tredimensjonale høgdemodellen til Statens kartverk bereknast.

Statens kartverk arbeider med ein ny nasjonal høgdemodell. Et fly har laserscannet terrenget og for å få heilt nøyaktige høgdekurver må dei nytte kontrollpunkt for å få den eksakte høgda.

Denne jobben har privatkonsulent Rune Lien frå Elverum fått og han er underleverandør til firmaet Cowi som har arbeider på to av dei fire pilotprosjekt som det jobbast med.

Pilotprosjektet dekkjer dei geografiske områda Østfold/Akershus, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag med Værnes og Nord-Norge. I Møre og Romsdal er det kommunane Stranda, Stordal og Nesset det skal samlast inn data for. 1. september var 38 prosent av arealet for desse kommunane kartlagt.

Den tredimensjonale høgdemodellen skal kunne nyttast til mellom anna å planlegge og kostnadsberekne veger og byggeprosjekt uten å vere ute i terrenget. Den vil òg kunne nyttast til å styrke beredskapen mot klimaendringar, betre vernet mot flom og skred, auke kunnskapen om skogressursane i tillegg til å gi sikrare luftfart.

Norsk kartverk om prosjektet

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no