Satsar og oppgraderer butikken i Stordal

Driftssjef Ivar Dvergsdal og dagleg leiar i Coop Prix Stordal Anne Marie Jørgensen gler seg til å opne den nye moderne butikken i Stordal torsdag denne veka.

Det vrimlar av folk og aktiviteten er stor på det som tidlegare var Coop Marked i Stordal.

Handelslag har det vore i 120 år i Stordal og det skal det framleis vere. Endringane er at dei går frå Marked til Prix, men det er framleis Coop.

Topp moderne

Storfjordnytt stikk innom ein tur tysdag og treff dagleg leiar Anne Marie Jørgensen og driftssjef Ivar Dvergsdal. Anne Marie har vore dagleg leiar nokre få år og arbeidde tidlegare på Prix på Sjøholt, men har heile tida budd i Stordal.

– No vert vareutvalet større og prisane absolutt konkurransedyktige. Vi får ein topp moderne butikk med to sjølvbetente kasser og med elektroniske tilbodslappar på hyllekantane som skal garantere for alltid oppdaterte prisar og tilbod, seier dagleg leiar Anne Marie Jørgensen engasjert.

– Lokalet vert no lysare og trivelegare, lyst opp av ledlys i heile butikken. Den nye profilen til Prix kjem på plass. Det meste av plasseringane er endra og det fyrste som møter deg når du kjem inn i den nye butikken er frukt, grønt og blomster. Vi har fått på plass nye fryse- og kjølediskar, heile kjølesystemet er nytt og så miljøvenleg det går an å få det, seier driftssjef Ivar Dvergsdal.

Satsar og har trua

Det er mykje som skjer i butikken. Bilar leverer varer av alle slag bak på lasterampen. Tilsette og folk i Coop-systemet er i full gang med å få på plass hyllene og varene medan kundane skal ha sitt daglege brød.

– Dette er stort for mange, for bygdefolket og for oss. Vi er til saman sju tilsette på butikken her i Stordal. Vi held ope no medan vi gjer om butikken, men onsdag denne veka stenger vi klokka fem for å gjere den siste finishen så alt skal vere klart til torsdag klokka ti. Då er det opning av den nye butikken og varaordføraren vil kome og klippe snora for oss, seier dagleg leiar stolt.

Driftssjefen fortel at for om lag to veker sidan hadde dei kickoff for dei tilsette. Der gjekk dei gjennom alt det nye og inspirerte kvarandre.

– Der var det mykje energi, så dette lovar godt. Coop satsar millionar på den nye butikken. Det er viktig med to butikkar i Stordal, og handelslag har det vore her i 120 år og det skal det halde fram med så lenge vi kan sjå. Coop Vest har tru på butikken i Stordal, seier driftssjefen og smiler breitt. 

Må henge i

Dei to kan ikkje stå roleg lengre. Dei veit det er ein heil del att som må på plass, så dei må berre henge i. På opninga vil det vere produsentar til stades og dei nemner Ole Ringdal. Elles har dei varer og produkt frå fleire småprodusentar i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no