Sau, saft og syltetøy

God stemning då Nathalie og Carlo de Vrieze offisielt tok over drifta av Valldal safteri AS etter Ann Mattheeuws sist laurdag.

Ann Mattheeuws har seld Valldal safteri AS – og laurdag var dei nye eigarane i full sving med å bli lært opp i både bruk av kasse og anna.

I elleve år har Ann Mattheeuws eigd og drive Valldal safteri AS. Etter å ha tenkt på det ei stund, har ho funne ut at tida no er moden til å finne på noko anna å gjere og la andre ta over drifta av safteriet.

Stordalingar tek over

Dei som har kjøpt safteriet er Nathalie og Carlo de Vrieze. Mange, og særleg stordalingane, kjenner dei godt frå før – ettersom det er ni år sidan dei busette seg i Stordal.

Å kjøpe safteriet er noko dei har gått og tenkt på i eit års tid eller så og Carlo fortel at då dei flytta frå Nederland til Stordal, så såg dei føre seg at dei kanskje skulle drive bryggeri.

– Men slik vart det ikkje, og det trur eg er like greitt, slår Carlo fast som til no har arbeidd som elektrikar. Det skal han halde fram med.

Nathalie vil også halde fram med sau – og dei begge slår fast at dei blir buande i Stordal. Der trivest dei, og ungane vil gjerne at dei blir verande der.

På spørsmål om kvifor dei bestemte seg for å kjøpe safteriet, svarer Nathalie at dei synest det er kjekt å lage noko sjølve.

– Vi har visst ei god stund at safteriet var til sals og vi fann ut at om vi skal prøve, må vi gjere det no, elles blir det ikkje. Dessutan, det er kjekt å drive for seg sjølv, seier Carlo og legg til at jobben som elektrikar skal han halde fram med – litt ettersom det passar.

Produkta blir som før

Mange av dei som var innom safteriet denne laurdagen, var opptekne av korleis syltetøyet og safta blir etter at Ann sluttar.

Ann – saman med Nathalie og Carlo – kunne forsikre dei om at både saft og syltetøy kjem til å smake som før.

– Alt blir som før, Ann har utvikla gode produkt og vi vil sjølvsagt nytte hennar oppskrifter. Og så blir ho saman med oss no i september slik at vi får lære korleis ho gjer ting også, seier Nathalie. Men ho legg også til at dei nok kjem til å utvikle nye produkt også etter kvart.

Gler seg

Dei nye drivarane gler seg til å ta fatt på ein ny kvardag.

– Dette blir spennande og så har vi utruleg mykje å lære, slår Carlo fast. Denne laurdagen er det kassaapparatet han forsøker å bli ven med.

Nathalie synest det er stas å ta over noko som er så tradisjonsrikt som Valldal safteri.

– Neste år er safteriet 100 år, og det må vi sjølvsagt markere, seier ho.

Opningstidene vil også vere dei same framover som dei har vore.

Vil sakne kundane

Medan Storfjordnytt er på besøk, er det ein jamn straum av kundar innom. Det går i blåbærsaft og syltetøy av ymse slag. Ann fortel at det ho vil sakne aller mest, er kundane.

– Eg kjenner dei og veit kva dei vil ha, eg kjem til å sakne dei, slår ho fast.

Kva ho skal ta seg til framover, er ho ikkje sikker på. Dei komande vekene skal ho bruke til å lære dei nye eigarane opp i det som har med safting og sylting å gjere. Så skal ho ha seg ein lengre ferie.

– Og så får eg sjå kva det blir til, seier ho og kan forsikre dei som lurer på om at planen er å bli buande i Valldal.

– Så får eg bruke litt tid på å finne meg ein jobb eg kan trivast i. Men først skal eg altså ha ferie, avsluttar ho.

Sau og bær og sånt

Nathalie og Carlo de Vrieze vil altså framleis ha base i Stordal, dei seier dei trivest godt der og borna vil bli buande.

Sau skal dei også halde fram med – no står sauesanking for døra. Nathalie fortel at dei har 50 sauer no, men at dei må auke til 60-70 sauer for at det skal byrje å bli økonomi i det.

Dermed vil det framleis vere både pinnekjøt, fenalår, lammerull og andre godsaker å finne – i tillegg til at dei altså skal ta fatt på bær og sånt.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no