Semje om samanslåing

Forhandlingsutvala til Stordal og Norddal etter at intensjonsavtalen om samanslåing var ferdig framforhandla og signert.

Litt før klokka tre i dag vart intensjonsavtalen om ein ny kommune med Stordal og Norddal signert.

Avtalen kom i stand etter at forhandlingsutvala til dei to kommunane hadde forhandla i to dagar. Namn på den nye kommunen og korleis kommunevåpenet skal sjå ut, blir opp til fellesnemnda å avgjere, alternativt vart det føreslått at det kan lysast ut konkurranse for å få inn idear til dei to tinga.

Det er bestemt at den nye kommunen skal organiserast etter formannskapsmodellen, kommunestyret i den nye kommuen skal bestå av 23 representantar. Etter mykje diskusjon fram og tilbake, vart Valldal valt som administrasjonsstad for den nye kommunen.

– Dette er ein god avtale å ta med tilbake til kommunestyret, sa både Eva Hove og Arne Sandnes i ein kommentar til Storfjordnytt etter signeringa.

Meir frå forhandlingane vert å lese i papirutgåva av Storfjordnytt 15. desember.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no