Senterpartiet med største gruppa i kommunestyret

Slik vart valresultatet for Fjord kommune, med Senterpartiet som det største partiet. Skjermdump frå nrk.no.

Valresultatet for Fjord kommune viser at Senterpartiet kjem inn i kommunestyret med den største gruppa på åtte personar, medan Høgre kjem inn med seks representantar og Arbeidarpartiet får fem representantar i kommunestyret.

SV får to representantar, medan Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti får ein representant kvar. Valresultatet viser altså at ingen partigruppe får fleirtal åleine slik det mellom anna har vore i Norddal kommune den siste perioden.

Konstituering midt i oktober

Dei 23 personane som dei komande fire åra utgjer kommunestyret i Fjord kommune, samlar seg på rådhuset i Valldal tysdag 15. oktober for konstituering. Då skal det mellom anna veljast ein ordførar og ein varaordførar, sju av kommunestyrerepresentantane skal veljast til også å vere del av formannskapet – i tillegg er det ei rekkje andre formalitetar som skal på plass i løpet av konstitueringa.

Dei fleste med framgang, men ikkje alle

Ettersom Norddal og Stordal kommunar frå nyttår går saman til Fjord kommune, har NRK valt å samanlikne årets valresultat med dei samla resultata for Norddal og Stordal ved førre val.

Desse tala viser at Senterpartiet, som gjorde eit brakval i Norddal kommune for fire år sidan, ikkje følgjer trenden på landsbasis med stor framgang. Fjord Senterparti går – som einaste parti – attende med 4,0 prosentpoeng til 33,6 prosent, medan Fjord Høgre går mest fram, med 13,6 prosentpoeng og endar på 26,3 prosent. Den store framgangen skuldast mykje at Høgre ikkje stilte liste i Norddal kommune ved siste kommuneval.

Arbeidarpartiet enda på ein oppslutning på 23,3 prosent, men har berre gått fram eitt prosentpoeng samanlikna med førre kommuneval. Partiet med nest størst framgang er Frp med 3,8 prosentpoeng og også SV og KrF har hatt framgang med høvesvis 2,6 og 1,8 prosentpoeng. Frp enda ut med ein oppslutning på 5,8 prosent, SV med 6,5 prosent og KrF med 4,5 prosent. Frp og KrF stilte liste i Stordal for fire år sidan, men ikkje i Norddal, medan SV er eit nytt alternativ for stordalingane. Det er nok ei delvis forklaring på framgangen til dei tre partia.

Valdeltakinga

I Fjord kommune er det 2072 røysteføre personar. Valdeltakinga i kommunevalet for Fjord kommune var på 65 prosent, det vil seie at 1309 personar har røysta. 27 prosent, eller 349 av desse, var førehandsrøyster. Ti av røystene denne gongen var blanke.

Innbyggjarane i Fjord kommune har også nytta høvet til å gje si røyst i fylkestingsvalet. Her har 31,9 prosent røysta Sp, med Frp som nest største parti med 16,1 prosent. Deretter kjem Ap med 15,7 prosent med Høgre hakk i hel med 14,5 prosent. 

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no