Senterpartiet valvinnar i Stordal, Framstegspartiet vann valet i Norddal

Nye Fjord kommune er blå-grøn, det viser resultatet av korleis innbyggjarane i Stordal og Norddal har røysta i årets stortingsval.

Den første prognosen då vallokala landet over låste dørene, viste eit fleirtal til den borgarlege blokka. Dette var basert på førehandsrøystene.

I skrivande stund er enno ikkje det endelege valresultatet klart, det er framleis ikkje godt å seie kven som skal styre landet dei neste fire åra. Men resultata frå kommunane i Storfjordnytt sitt dekningsområde ligg føre, begge stader er no 99,8 prosent av røystene talde opp.

Senterpartiet mest fram

I Stordal kommune var det 684 som kunne røyste og med 498 innbyggjarar som hadde funne vegen til Stordalshallen på røystedagen, var oppmøteprosenten heile 72,8. 114 personar hadde førehandsrøysta.

Senterpartiet er den store valvinnaren i Stordal med ei auke på 5,7 prosentpoeng samanlikna med førre stortingsval i 2013 og med 22,2 prosent av røystene. Høgre er – ikkje overraskande det største partiet med 32,7 prosent, ein framgang på 1,6 prosentpoeng. Frp er det fjerde største partiet i Stordal med 17,6 prosent, ein framgang på 1,4 prosentpoeng. Den største nedgangen hadde Ap. Med sine  17,8 prosent er det ein tilbakegang på 4,2 prosentpoeng frå førre val. Krf gjekk tilbake med 2,6 prosentpoeng og fekk ein oppslutnad på 5,3 prosent.

Framstegspartiet mest fram

I Norddal kommune var det 1209 som kunne røyste og med 902 innbyggjarar som hadde funne vegen til røystelokala, var oppmøteprosenten heile 74,6. 240 personar hadde førehandsrøysta.

Sjølv om Senterpartiet – ikkje overraskande – er det største partiet i Norddal kommune med sine 34,9 prosent og ein framgang frå førre stortingsval på 3,9 prosentpoeng, er det Framstegspartiet som er den store valvinnaren. Framstegspartiet har gått fram med heile 6,4 prosentpoeng samanlikna med valet i 2013 og enda på 19,7 prosent. Dermed er Framstegspartiet det nest største partiet i kommunen. Høgre og Ap er like store, med 14,7 prosent og dei to har gått tilbake høvesvis 2,2 og 5,0 prosentpoeng samanlikna med valet i 2013. Også i Norddal kommune har Krf gått kraftig tilbake med 2,6 prosentpoeng og 4,8 prosent av dei røysteføre i kommunen har gjeve dei si røyst.

Meir om valet i neste avis.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no