Ser lyset i Geiranger

Mellomsteget og åttandeklassen ved Geiranger skule er til liks med representantar frå både verdsarvstiftinga, næringsliv, Kopane Vel og skulen særs nøgde med at Sparebanken Møre hjelper til i finansieringa av lys i Fossevandringa.

Der Stranda kommune tidlegare har sagt nei, seier Sparebanken Møre ja til å gje midlar til å få lys i Fossevandringa.

Banksjef ved Sparebanken Møre sin filial i Valldal, Stein Ivar Krohn, kunne i går gjere noko av det han likar aller best å gjere: å dele ut pengar til gode føremål.

Planlagt til solfesten

Eigentleg skulle Krohn ha fått si eiga «avdeling» under solfesten som vart arrangert for to veker sidan, men ettersom Indreeidsdalen vart rasstengd, vart utdelinga av solbriller til skuleelevane og pengar til dei som har arbeidd med prosjektet «Geiranger ser lyset» flytta til i går.

Først av alt fekk han helse på alle elevane, dei møtte banksjefen ute – iført skiutstyr, dei skulle ut på tur i finevêret.

– De veit at når ein skal på skitur, så er det å sjekke utstyret det første ein bør gjere, sa banksjefen og påpeikte at nokre av elevane var godt utstyrte for ein dag i kvit snø og strålande sol. Andre syntest han ikkje hadde heilt utstyret i orden.

– Då er det bra at eg har med meg solbriller til alle slik at alle har utstyret i orden. Eg hadde eigentleg tenkt å dele dei ut under solfesten, men vegen var stengt og eg var veldig lei meg for at eg ikkje kunne kome. Men kanskje høvet byr seg neste år, sa banksjefen og gav rektor Tove Gjerde i oppgåve å dele ut til alle.

Ein halv million til lys

Så gjekk Krohn over til det han syntest var det absolutt kjekkaste: å dele ut pengar.

Han fortalde at Sparebanken Møre hadde fått søknad frå i alt sju lag og organisasjonar i Geiranger, alle med ønske om støtte til å «sjå lyset».

– Vi i banken vil at det skal vere kjekt å bu i alle bygdene våre, også i Geiranger. Og sjølv om vi skal vere litt varsame med å blande oss opp i kva Stranda kommune held på med, vil vi gjerne vere med på å hjelpe slik at alle dykk får ein tryggare skuleveg, sa banksjefen som hadde med seg ein diplom som han ikkje hadde teikna sjølv, men som han hadde fylt ut heilt sjølv. På den diplomen stod det å lese at Sparebanken Møre gir inntil 500.000 kroner til å få lyssett Fossevandringa.

– Kan pengane brukast til eit litt større hus, undra ein gut blant elevane. Han syntest huset han budde i godt kunne ha vore litt større.

– Desse pengane kan nok ikkje brukast til slikt, svara banksjefen.

Kommunen har snudd

Monja Mjelva takka på vegner av alle dei sju laga som har arbeidd for å få på plass meir lys i Geiranger.

Ho fortalde at det har vore ein lang prosess for å få dette til, mange søknader har vore sende til kommunen – og like mange avslag har dei fått.

Saman med 500.000 kroner frå Sparebanken Møre, 100.000 kroner frå Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv og 200.000 kroner etter kronerulling blant næringsdrivane og positivt svar frå idrettslaget, er dei nær millionen i eigenfinansiering.

 – Men når Sparebanken Møre kom på banen og ville gje midlar til prosjektet, vart også Stranda kommune straks meir positive til å bidra. I møte med mellom anna ordføraren har vi fått signal om at kommunen kan dekkje inn det vi manglar, fortalde ho.

Stein Ivar Krohn synest det er ekstra kjekt å bidra når det fører til at det utløyser kommunale midlar.

Lys til hausten

No er det berre «resten» som skal på plass og håpet er at arbeidet med å gjere Geiranger til ein lysare stad kan starte til hausten.

– Dette er eit viktig ledd i arbeidet med å gjere Geiranger til ein heilårsdestinasjon, slår Monja Mjelva fast.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no