Søndag 28. november 1999 var det 20 år sidan første utgåva av Norddal
Bygdeblad kom ut, lokalavisa for Norddal som seinare utvida dekningsområdet og vart Storfjordnytt.

20 år vel ikkje for noko jubileum å rekne. Det er helst ungane som likar å feire fødselsdagen sin. Likevel, vi tek sjansen på å markere 20 år med lokalavis i indre fjordstrok, om ikkje anna med eit lite ekstranummer. Ei avis som driv med så små marginar, treng av og til å minne seg sjølv på at ho er oppegåande. Det har vore gjort kvart femte år til no.

I denne utgåva har vi sett av mykje plass til mimring, og dei fleste av bidragsytrarane er folk som har lagt ned mange arbeidstimar i avisa, for ikkje å snakke om alle dugnadstimane, gjerne på nattestid. Arbeidsforholda i avisa har tydelegvis betra seg år etter år. Sjølv om veggene i redaksjonslokala har vore måla opp att, nytt møblement har kome inn og datamaskinane er skifta ut fleire gonger, sit nok litt av dugnadssjela att i veggene. Det skal vi framleis sørge for at ho gjer. Samstundes er det viktig for oss å gjere dette til ein attraktiv arbeidsplass.

For å sy saman denne utgåva av Storfjordnytt, ba vi mange om å kome med sine bidrag, og det har dei gjort. Vi takkar for at folk framleis stiller opp for lokalavisa. Samstundes nyttar vi høvet til å takke alle som er og har vore med på å halde lokalavis-prosjektet på indre i live i 20 år, både lesarar og annonsørar. Om fem år kan vi kalle det jubileum.

Her kan du laste ned denne avisa i pdf-format (1,4 Mb)

27. november 2004 var avisa 25 år!

Her kan du laste ned Jubileumsnummeret (Pdf-fil 1,8 MB)