Siste dag i banken i Eidsdal

Mange hadde funne vegen til banken i Eidsdal som i går var open for aller siste gong. Her er det Norleif Aspehjell, Viola Gustafsson, Borghild Dalhus og Tordis Hansen som sit og kosar seg med kaffi og kake. Christoffer Lund Kleiva viser at han meistrar kunsten å ete kake ståande, og banksjef Stein Ivar Krohn nyttar høvet til å slå av ein prat med dei.

Så er altså ein over 150 år lang tradisjon med bank i Eidsdal slutt. I går var siste dagen Sparebanken Møre sin filial i Eidsdal var open.

Det er ein månad sidan meldinga kom om at filialen i Eidsdal er vedteken avvikla.

KORT SAGT

• Frå og med i år, onsdag 11. oktober, er Sparebanken Møre sin filial i Eidsdal avvikla.

• Tre av fire tilsette ved banken i Valldal er busette på sørsida av fjorden, ein i kvar av dei tre bygdene.

• Dei som har hatt bankboks i filialen i Eidsdal er kontakta og det er høve til å halde fram med bankboksleige i Valldal.

• Det blir ikkje minibank i Eidsdal som erstatning for bankfilialen.

• Med siste opningsdag i går, er ei over 150 år lang bankhistorie i Eidsdal over.

• Eidsdalens spareskillingsbank vart skipa i åra 1860-1862.

• I 1874 vart Eidsdalens spareskillingsbank lagt ned og vart del av Norddal sparebank. Eitt av vilkåra den gongen var at det skulle vere banktilbod ikkje berre i Valldal, men også i Eidsdal.

• I 1985 gjekk Norddal sparebank med i Sparebanken Møre.

Folk forstår

Banksjef Stein Ivar Krohn seier at etter at dette vart kjend, har det vore overraskande få negative reaksjonar på avgjerda frå «høgare hald» i banken.

– Folk har gjeve uttrykk for at dei synest det er vemodig, men at dei likevel har stor forståing for at det sjer. Og så er det mange som har innrømma at dei sjeldan er innom, fortel Krohn når Storfjordnytt er innom på denne siste dagen.

Også for dei tilsette i banken som er her denne dagen, Märta Daggå og Stein Ivar Krohn, er det ein vemodig dag. Banken har vore ein sentral del av bygda i mange, mange år.

Denne dagen er mange –til liks med Storfjordnytt sin utsending – i banken for å tøme og avvikle bankboksen sin. Mange har ikkje gjort seg ærend i den på årevis, men så langt har dei fleste greidd å lokalisere nøklane til boksen.

– Vi har tilgjengelege bankboksar i Valldal, så det er mogleg å halde fram med boksleige der om nokon skulle ha behov for det, seier Krohn.

Er framleis ein lokal bank

Sjølv om filialen i Eidsdal no er historie, håper banksjefen at det framleis skal kunne vere god kontakt og dialog mellom dei tilsette og kundane.

– Og vi håper bygdefolket framleis ser på oss som ein lokal bank, seier han.

Dei som hovudsakeleg har nytta seg av banktilbodet i Eidsdal dei siste åra, har vore eldre som har ønskt å ta ut kontantar, i tillegg til folk frå turistnæringa som har sett inn kontantar.

– Dei eldre har fortald at dei kjem til å sakne oss, seier Krohn. Han er innstilt på å vere løysingsorientert og finne gode løysingar på dei behova kundane måtte ha.

Geiranger

Ved myntteljemaskina står Solveig Vinje frå Vinje Camping i Geiranger. Ho har med seg mykje mynt som rasar gjennom teljesystemet, i tillegg til ein stor bunke sedlar. Ho er ikkje spesielt nøgd med at banken no vert avvikla, kva skal ho då gjere med innhaldet i plastposen ho har med seg denne dagen.

– For utlendingane, dei har kontantar, slår ho fast medan ho fyller på endå meir mynt i teljemaskina.

Banksjefen fortel at banken i slutten av førre månad inviterte til møte med dei næringsdrivande i Geiranger og Nokas for å drøfte ulike løysingar for næringa i Geiranger.

– Eg håper dei næringsdrivande i samarbeid med Nokas finn gode løysingar, seier han.

Stein Ivar Krohn seier at sjølv om dagen er vemodig, er det slik at også banken må tilpasse seg utviklinga.

– Det handlar om tryggleiken til dei tilsette og ikkje minst, om å gje kundane våre best mogleg tenester, seier han.

Han medgir at forandring kan vere vanskeleg, særleg for enkelte av kundane, men han håper at det vil gå seg til etter kvart.

– Vi vil gjere vårt for å hjelpe som best vi kan og løyse dei utfordringane som måtte dukke opp, seier han.

Konkurranse utanfrå

Stein Ivar Krohn minner om at også banktenestene blir meir og meir globale. Neste år kjem Facebook og Google med eigne betalingsløysingar, det er noko den norske banknæringa må tilpasse seg.

– Derfor er det gledeleg at også Nordea no blir del av Vipps. Skal vi kunne stå imot dei store utanlandske aktørane, er vi nøydde til å samlast om éi løysing her i Noreg, seier han.

Trist men forståeleg

Ute i banklokalet er det blitt liv og røre, mange har funne vegen til banken denne dagen – nokre for å ordne med litt pengar, andre fordi det er siste dagen.

Oddmund Ødegård er ein av dei. Han nyttar høvet til å «ordne seg litt peng» medan han enno kan i Eidsdal. Oddmund flytta nyleg frå Valldal og inn på omsorgsbustaden i Eidsdal der han har funne seg godt til rette.

– Eg har det så fint der, og er ute og går stadig vekk, seier han. Når det gjeld avviklinga av bankfilialen, synest også han det er leitt.

– Men det er vel berre slik det er, og eg skjønar at banken må følgje med i tida den også, slår han fast der han sit og ventar på tur hos Märta i skranken.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no