Sjarmerande om Elizabeth 1.

Linn T. Sunne har nyleg gitt ut ei kjekk lita bok om den engelske dronninga. Boka er ei sjarmerande blanding av forteljing og fakta.  

Rundt det som finst av fakta om Elizabeth, har Sunne spunne ei forteljing med handling som spenner frå då ho vart fødd, og fram til ho vert vaksen og dronning. 

Elizabeth vart fødd i England i 1533 og far hennar, Henrik 8., var så skuffa over at ho var jente at han ikkje kom til dåpen hennar. Vi får høyre korleis mor til Elizabeth vart halshoggen, og at faren gifta seg med nye damer i håp om å få ein son og arving til trona – til halvbroren Edvard omsider vart fødd. 

Fire stemødrer

Henrik 8. gifte seg seks gonger, og slik fekk Elizabeth fire stemødrer. Etter at faren døydde i 1547, vart broren Edvard konge. Men han døydde allereie i 1533 og dermed var det den eldre halvsystera Maria som vart dronning. Ho sørgde for å sende Elizabeth i fengsel i 1554. Sjølv om ho vart lauslaten frå fengselet same året, var ikkje Elizabeth fri, for ho vart sett i husarrest i Woodstock. 

Sta dronning

Fleire gonger medan Maria var dronning, var Elizabeth i livsfare. I 1558  døydde Maria, og Elizabeth vart krona som dronning. Som jentunge var ho sta og ville bestemme sjølv, eigenskapar ho tok med seg inn i dronninggjerninga. Og ho gifte seg aldri i løpet av dei 45 åra ho sat på trona, og fekk heller ingen barn. Ho skal ein gong ha svart på eit frieri slik: «Eg vil heller vere ein ugift tiggar enn ein gift dronning.»

Lesverdig

Faktaboksar er det rikeleg av i boka – dei er haldne i eit lettfatteleg språk og gir god informasjon, til dømes i ein faktaboks om korleis England frå 1536 vart eit protestantisk land. Illustrasjonane til Jenny Jordahl er fargerike og passar godt til med teksten. Alt i alt er dette blitt ei sjarmerande bok som kombinerer fakta og fiksjon på ein god og lesverdig måte. Boka passar godt for barn på barne- og mellomsteget.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no