Sjekkar potetjord

Margit Otterlei frå Mattilsynet tek jordprøve frå alle registrerte potetåkrar i fylket.

Potetcystenematoder er funne i dei fleste fylke. No vert Møre og Romsdal sjekka.

Margit Otterlei frå Mattilsynet reiser rundt i fylket og tek jordprøver frå potetåkrar. som er med i grunnlag for produksjonstilskot. For å finne desse nyttar ein registeret over dei som har motteke produksjonstilskot.  I vårt område har ho vore fleire stader, i vårt fylke skal ho til 62 stader.

Potetcystenematoder

Potetcystenematoder (PCN) er mikroskopiske rundormar som lever i jorda og angrip røtene til potet, tomat og andre planter i søtvierfamilien. Det er to artar, gul og kvit. Potetål er eit anna namn som blir brukt på desse skadegjerarane. Det tek lang tid, mellom 30 og 40 år, å bli kvitt smitten i jorda.

– Sidan det er svært vanskeleg å bli kvitt smitten er det viktig å tenkje førebyggjande. For dyrkarar er det viktig å kjøpe statskontrollerte setjepoteter, vere merksam på at dersom ein kjøper brukt landbruksutsyr, må desse vere reingjort, samt å tenkje seg om før ein låner vekk landbruksutsyr til andre, eller gjer ein jobb på annan manns grunn. Forflytting av jordmasser er òg ei viktig smittekjelde. For private er det viktig å ikkje setje poteter som ein har kjøpt på butikken, verken utanlandske eller norske. Ein får kjøpt statskontrollerte poteter i små pakningar, det er mykje betre.

Dersom ein først har fått smitten, forsvinn denne vanlegvis i løpet av 30 – 40 år utan vertsplanter. Det er ikkje mogleg å bruke kjemiske plantevernmiddel eller andre tiltak for å få vekk Potetcystenematoden. Oftast ser ein at skadegjeraren har kome for å bli, dersom smitten først har har kome til i eit område.

Kartlegging

Potetcystenematoder er funne i dei fleste fylka her i landet, med flest funn i Vest-Agder, Rogaland og Sogn og Fjordane. Den første påvisinga her til lands var i Aust-Agder i 1955.

For å få ei oversikt over dagens situasjon med PCN hos matpotetprodusentar, starta Mattilsynet eit kartleggingsprogram i 2009. Nokre fylke er ferdig kartlagt, og det er analysert totalt 14.023 prøver, der det er funne PCN i 951 av dei, med stor variasjon mellom fylka.

No er det Møre og Romsdal sin tur, Margit Otterlei reiser rundt og tek jordprøvene.

Randi Flø
randi@storfjordnytt.no