Skal forhandle med Norddal og Sykkylven

Kommunestyret i Stranda gjorde sitt retningsval i kommunereforma i går ettermiddag, og det enda med at politikarane gjekk for innstillinga frå formannskapet. Dermed vil dei starte parallelle forhandlingar med Norddal kommune og Sykkylven kommune med sikte på å utarbeide intensjonsavtalar.

Nullalternativet, altså at Stranda kommune framleis skal vere eigen kommune, skal også leggjast til grunn for det vidare arbeidet – og skal vere eitt av alternativa innbyggjarane har å velje mellom ved ei eventuell folkerøysting eller innbyggjarundersøking. I vedtaket som vart gjort i går, er døra også på gløtt for andre slik at dersom andre kommunar skulle invitere til samtalar knytt til framtidig samarbeid, så vil Stranda kommune vere positiv til slike.

Vedtaket i fire punkt var nesten samrøystes, berre Jan Ivar Nydal (Sp) røysta imot å gå i forhandlingar med Norddal kommune – med grunngjeving at signala etter folkemøtet i Geiranger ikkje går i den retninga.

Norddal kommune gjer sitt retningsval i ettermiddag.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no