Skal ut og banke på dører

Niandeklassen ved Stordal skule har fått på seg arbeidshanskane og er klare til å banke på både di og naboen sin dør neste veke. Med på biletet er også rektor Bjørnar Midtbust, kontaktlærar John Helge Larsen, styreleiar i Vekst i Stordal Olav Bratland og prosjektleiar i Vekst i Stordal Harald Espelan

Vekst i Stordal har fått med seg kommunestyrepolitikarar og niandeklassingane på dørbankaksjon – og neste veke kan det vere du som får besøk.

Tysdag var styreleiar og prosjektleiar i Vekst i Stordal (ViS), Olav Bratland og Harald Espeland, på besøk hos niandeklassen ved Stordal skule. Føremålet med besøket var å fortelje ungdommane kva poenget med dørbankaksjonen er og korleis ein ser føre seg at aksjonen vert gjennomført.

Stolt og glad

Olav Bratland gav uttrykk for at han er både glad og stolt over at også ungdommane blir med på aksjonen.

– Det betyr mykje og viser at de sluttar opp om framtida for kommunen, sa han. Ei gulrot til klassen hadde han også med, heile 6.000 kroner til klassekassa som takk for hjelpa.

Bankar på neste veke

Dørbankaksjonen er ei forlenging av idédugnadene som har vore arrangert i regi av ViS, for dei trur at det framleis kan vere folk i Stordal som har gode idear eller som kanskje sjølve går med ein liten gründer i magen.

– Dørbankaksjonen er ingen salsaksjon, slo Bratland fast, både for å berolige dei av ungdommane som skal vere med ut og dei som har ei dør det blir banka på. Dei som får besøk, får litt informasjon om ViS, det blir høve til ein prat om dei vil, viss ikkje, får dei eit flygeblad med informasjon om aksjonen der folk blir inviterte til å svare på nokre enkle spørsmål.

Aksjonen vil gå føre seg komande tysdag, onsdag og torsdag. Kommunen er delt inn i roder og både politikarar, ungdommar og folk frå ViS er fordelte på dei ulike rodene. For kvar rode vil det vere to elevar, i tillegg til ein vaksenperson – anten ein frå styret i ViS eller frå kommunestyret.

– Vi forventar ikkje at vi rekk over alle hus, men dei vi ikkje får gått innom – eller som ikkje er heime når vi bankar på, dei skal få flygebladet i postkassa seier han. Hovudoppgåva til elevane blir å dele utflygeblada.

– Eg trur mange kan vere skeptiske til å sleppe oss inn, men vi skal ikkje trengje oss på, sa Bratland og nytta høvet til å gå gjennom korleis han ser føre seg at eit dørbankbesøk kan gå føre seg.

– Vi ringer på, seier kven vi er, vi fortel litt om ViS og presenterer flygebladet og spørsmåla som dei kan svare på i etterkant. Om nokon vil prate, skal vi ta oss tid til det. Vi skal ikkje vere påtrengande og det er ingen tvang for dei som opnar, sa han.

Arbeidshanskane er blitt symbolet for ViS, at ein no brettar opp ermene og er klare til å ta i ei tak – og hanskane skal sjølvsagt vere med når gruppene skal ut i rodene sine.

Over halvvegs

Harald Espeland fortalde litt om kva dei driv med i ViS og at målet er å skape 75 nye arbeidsplassar i løpet av den fireårsperioden prosjektet varer. Per i dag er det skapt 43 nye arbeidsplassar i løpet av den tida som er gått sidan ViS starta opp for alvor, og Espeland er optimist med tanke på å målet.

Han samanlikna næringsutvikling med eit kjøleskap fylt av matvarer, altså næring.

– Med Vekst i Stordal håper vi å fylle ”kjøleskapet” med nye matvarer, ny næring som vi skal leve av framover.

Espeland fortalde at bak kvar verksemd, stor eller lita, står det menneske, at det er menneske som skaper næring og viste til mellom anna Apple som Steve Jobs og ein kompis starta i ein garasje og meir lokalt, til NorInsect AS og Peder Vikenes.

– Og bak dørene vi bankar på neste veke kan det finnest ein ny Peder eller Steve – eller kanskje ikkje, det veit vi ikkje før aksjonen er gjennomført, slo Espeland fast.

I tillegg til å sjå om der er ein gründer eller fem som berre ventar på å sleppe til med ideane sine, har dørbankaksjonen eit anna føremål i tillegg som er ønskt kartlagt gjennom spørjeskjemaet på flygebladet og på nettsida til ViS. Mange som bur i Stordal har arbeidet sitt utanfor kommunen. Aksjonen ønskjer også å kartleggje kva kompetanse som eigentleg finnest i kommunen og som kan vere tilgjengeleg for nye verksemder eller for vidareutvikling av det eksisterande næringslivet i kommunen.

Mange med gründargener

Rektor Bjørnar Midtbust syntest akkurat niandeklassen var særs representativ for gründerånda som har vore del av stordalssamfunnet i generasjonar. Mange av elevane har foreldre, besteforeldre eller oldeforeldre som har starta opp store og små verksemder og la spesielt vekt på at det er dei som representerer framtida til Stordal kommune og at det nettopp difor er viktig og bra at dei er med på aksjonen.

– Kanskje det de no er med på er dykkar eigne framtidige arbeidsplassar, sa Midtbust.

– Eller kanskje er det ein av dykk som startar ny verksemd, supplerte Espeland.

Dermed er det for stordalingane berre å ta godt imot dørbankarane når dei neste veke kanskje bankar på akkurat di dør.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no