Skattebombe for Norddal kommune

 

Norddal kommune får seks millionar kroner mindre i skatteinntekter neste år. Det var det ingen som hadde rekna med. Kommunestyremøtet i Norddal kommune torsdag var prega av trong økonomi og vanskelege val.

Både God helse og Frivilligsentralen held fram som i dag. Det vedtok kommunestyret med ti mot sju røyser. Dei som røysta for avvikling i tråd med innstillinga frå formannskapet, var Ap-gruppa og Tverrpolitisk liste.

Tilbake til rådmannen – igjen

Fleirtalet sparka ballen attende til administrasjonen, som vert beden om å dekke inn det årsverket desse to punkta handlar om, og rådmannen er beden om å finne løysinga blant leiarar eller merkantilt tilsette. Inndekkingsframlegget vart vedtatt mot dei fem røystene til Tverrpolitisk liste.

Det vart samrøystes vedtatt å omorganisere tilbodet til Kraftsenteret og å oppheve tidlegare vedtak om å ta imot fem ny flyktningar i år – og dermed redusere stillingsprosenten til flyktningkonsulenten frå heil til halv.

Eigedomsskatt

Det vart også vedtatt å børste støv av planane om eigedomsskatt, og fleirtalet bad rådmannen om å leggje fram sak om å innføre eigedomsskatt på neste kommunestyremøte. Tverrpolitisk liste og Ap gjekk imot dette.

Inntektssmell

Den store bomba torsdag var at Norddal kommune kjem til å få seks millionar kroner mindre enn rekna med i eigedomsskatt frå verk og bruk. Årsaka er låge kraftprisar dei fem siste åra. Dette påverkar verdiane av anlegga til Tafjord Kraftproduksjon. Rådmann og økonomisjef slo fast at det dermed blir ei svært, svært vanskeleg oppgåve å leggje fram eit budsjett i balanse for neste år.

Storfjordnytt dekkjer desse sakene grundig i papiravisa som kjem 3. november.