Skiftar post og flyttar ned ein etasje

Lars Magnar Muribø vart takka av med overrekking av blomar frå styreleiar Inge Røyrhus på Nilsgardstunet i Stordal.

Gjennom åra har han sett ei viss endring i bransjen og det har vore nokre utfordringar, men Lars Magnar Muribø er mest oppteken av å hugse alle dei dyktige og trivelege gardbukarane og menneska elles han har møtt gjennom tida.

– Eg gjorde eit stunt og sa opp på dagen 35 år etter at eg byrja, seier Lars Magnar Muribø, avtroppande dagleg leiar for Storfjord Landbrukstenester SA og ler litt.

Jobba seg opp

Førre torsdag heldt han sitt siste årsmøte for Storfjord Landbrukstenester SA, og vart same dagen takka av som dagleg leiar.

Første åra hadde Muribø halv stilling som sekretær i Norddal Avløysarlag. Så fusjonerte laget med Skodje, Ørskog og Stordal Avløysarlag. Det nye laget vart Storfjord Landbrukstenester SA. I åra mellom 2000 og 2008 var det fleire av avløysarlaga på Sunnmøre som fusjonerte inn i Storfjord Landbrukstenester, og laget dekkjer i dag ti kommunar. Muribø har vore dagleg leiar i full stilling sidan 2000.

Til å byrje med hadde verksemda statsstøtte, men den forsvann etter kvart. Medlem har vorte verva etter kvart, og verksemda hadde ikkje vore det den er i dag utan innsats frå fleire hald. Av tjuefem tilsette er fem av dei kvinner, Lars Magnar Muribø trekkjer fram at kvinner ofte eignar seg godt i arbeidet med dyr. Medlemmane sjølve eig og styrer Storfjord Landbrukstenester SA, og dei har bereidskapen for bønder i ti ulike kommunar. Erfaringa med gard og gardsdrift hadde avtroppande dagleg leiar frå før, å vere jordbærbonde og drive med anna gardsarbeid var kvardag og helg for Muribø i mange år.

Post med nostalgi

Lars Magnar Muribø er oppvaksen i Valldal, og synest det er fint å kunne veksle mellom landlege omgjevnader og ein tur vekk i ny og ned.

– Bortsett frå å bu i Oslo i ein tre, fire år der kona mi er frå, har vi budd her som eg kjem frå, seier han.

Born og borneborn bur sørpå, så nokre turar dit vert det innimellom. Og kva skal han drive med framover?

– Eg flyttar ein etasje ned frå her kor eg har hatt kontoret mitt til no, der skal eg ha lokale for å halde fram som postkort- og frimerkehandlar på heiltid, fortel Muribø.

Mangeårig drift og mykje kjekt arbeid, som han sjølv beskriv det.

Postkort og frimerke er ikkje berre det du ser, dei heller. Som einaste frimerkehandlaren nord om Bergen vert Lars Magnar Muribø å ha eit kontor utan faste opningstider og ikkje noka butikkverksemd slik sett, men han opnar døra for folk etter avtale. Netthandel er ein naturleg del av drifta, og med både kundar som jobbar med bokillustrasjon, kundar som har interesser for spesifikke kunstsignaturar, samlarar av julekort gjennom mange generasjonar og meir, vert ikkje Muribø utan nok å gjere.

Det ligg mykje god og jordnær historie i postdrifta og, moglegens vert mange overraska om dei ser nærare på lokalhistoria til posten som heldigvis har vorte teken vare på.

Mathilde l. Vinje
mathilde@storfjordnytt.no