Skular og barnehagar i Fjord kommune vert stengde frå og med i morgon, fredag 13. mars

Karantenekrava forlenga til måndag.

På Fjord kommune sine heimesider står det å lese at kommunen er pålagt å ha eit omsorgstilbod for barn som har foreldre med kritiske samfunnsfunksjonar. Det blir arbeidd med å organisere dette tilbodet, men i morgon, fredag, kan dei som kjem under denne definisjonen og MÅ ha eit tilbod, levere borna som vanleg. Ifølgje administrasjonssjefen vil det seie at dei fleste tilsette i kommunen møter på jobb som normalt i morgon for å organisere tilbodet på kort og lang sikt. I tillegg blir tilsette og føresette rådd til å følgje nasjonale føringar med tanke på korleis situasjonen skal handterast.

Desse funksjonane blir sett på som kritiske for samfunnet:

  • styring og kriseleiing
  • forsvar
  • lov og orden
  • helse og omsorg
  • redningsteneste
  • IKT-tryggleik i sivil sektor
  • natur og miljø
  • forsyningstryggleik
  • vatn og avløp
  • finansielle tenester
  • kraftforsyning
  • elektroniske kommunikasjonstenester
  • transport
  • satellittbaserte tenester
  • apoteka