Slo leir for siste gong i år

Speidarane har fått opp telta og er klare for samling.

I helga markerte speidargruppa i Liabygda sesongavslutninga med å slå leir på Tusenårsplassen ved Langemyra.

– Som dykk veit frå før, så må vi samarbeide for at dette skal verte ein brukandes leir, slo speidarleiar Einar Lied fast til borna.

– Når det dukkar opp eit problem her, så løyser dykk det i staden for å stå og sjå på, minna han dei om.

Speidarar leita fram lavvoar og bardunar, og byrja å samarbeide. Lied førebudde speidarane på at sjølv om veret var godt no, så var meldingane for natta og neste dag ikkje så gode.

– Speidargruppa har skaffa eit kjøkkentelt som minner litt om kvaliteten på dei Forsvaret brukar, fortalde han.

Speidarane Sara, Henning, Shane og Tina er i gang med å slå leir på Tusenårsplassen ved Langemyra.

– Vi var glade for å ha det då vi var på krinsleir på Gjermundnes i Romsdal, for då regna det omtrent heile helga, fortalde han.

I fleire aldrar

Lied fortalde medan han instruerte borna i kva dei skulle gjere, at dei som var her på leir denne helga er frå ti til fjorten år gamle.

– Når speidarane er i denne alderen deltek dei på speidarlandsleirar og krinsleirar rundt om i Noreg. Når dei passerar femten år, vert dei tekne opp til «roverar» i si patrulje. Då får dei opptaksprøver dei må bestå. «Roverane» får moglegheita til å delta på leirsamlingar rundt om i verda, sa han.

Speidarane i Liabygda skulle ha opptak av ein ny jentespeidar, ho er elleve år gammal og bur i Liabygda.

Flinke born

Like bortanfor leirplassen ligg skogen, i haust fekk speidarane i oppgåve å tenkje ut korleis dei ville bygge ei bru der. Når vi fekk sjå området, var det tydeleg at dei hadde planlagd det godt og gjort ein fin innsats.

– Dei brukte ei tid på å tenkje ut korleis dei såg før seg ei bru her, og det var mange gode teikningar som kom inn. Så samla dei material, og i tillegg til å ha nokre emner frå ein gamal stige vart solide greiner frå skogen bøygd og festa med tau. Det er flott å sjå kva dei har fått til, seier Lied.

– Når det gjeld trehogst så er det førsåvidt reglar på kor de har lov til å bruke kniven, minna Lied speidarane på og sa at om dei skulle ta kvistar frå trea så måtte dei verte einige om stad, først.

Innhaldsrik kveld

Det var nokre av deltakarane som lurte på kva dei skulle ete denne kvelden, og speidarleiaren var snar med å trygge dei om at det skulle verte både dramatiseringar frå bibelen og god grillmat med påfylgjande dessert, når det lei litt ut på kvelden.

Mathilde Vinje
mathilde@storfjordnytt.no