Snø og båt kan vere ein dårleg kombinasjon

Det tek litt tid når det har snøa så mykje, men no er jobben gjort og sjarken til Jon Inge Smoge på småbåthamna i Valldal er fri for snø.

Jon Inge Smoge er på småbåthamna i Valldal og måker båt fri for snø. Han har ein sjark med tett dekk, så det er eigentleg ikkje noko problem om det ligg snø på båten. Denne tida er han ikkje så mykje på fjorden, men litt fiske vert det.

– Eg fiska litt heilt i starten av januar og fekk store flotte hyser full av lever og rogn. Det har eg ikkje opplevd tidlegare. Den fisken kjem som regel inn fjorden for å gyte i mars og ikkje på denne tida, seier Jon Inge Smoge. Han minner båtfolket om at det kan vere lurt å sjå til båten no når det har snøa ein del. Opne båtar vert fulle av snø og kan sekke, medan båtar med kalesje kan få den øydelagt når snøen vert tung og trykker den saman.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no