Snøsmelting skapte problem

Dei fekk raskt opna opp vegen til Jimdalen att.

Stor snøsmelting på grunn av den høge temperaturen, gav Tafjord Kraftproduksjon, som akkurat i desse dagar driv med revisjon av kraftstasjonen Tafjord 4, store utfordringar torsdag sist veke.

I fjellet over Tafjord 4 i sentrum av Tafjord der tunnelane frå Zakariasdemninga og Muldalen møtast, stod portane inn til det store sandfanget opne. Det same gjorde ventilen som slepp vatn inn frå Muldalen.

Store vassmengder

Oppe i bekkeinntaket i Muldalen fekk dei ein lekkasje på grunn av dei store vassmengdene og vatnet fløymde ned til der tunnelane møtast i sandfanget og ut gjennom portane som stod opne og gjennom tunnelen og ut der dei tippar masse frå sandfanget.

– Luka i Muldalen var stengd, men med så store vassmengder har vatn fløymd over og vi fekk ein lekkasje. Vi vart merksame på problemet torsdag klokka 17.30 og starta straks med å få tetta luka. Då var det handemakt og bjelkestengsel som måtte til og vi fekk tetta lekkasjen i Muldalen om lag klokka ti torsdagskvelden, seier kraftverksjef Svein Gunnar Remme.

Vatn frå fleire stader

Då vatnet fløymde ut frå tunnelen og ned fjellsida, var det lett for vatnet å få med seg dei lause massene som låg der etter tidlegare tømmingar av sandfanget og anna tunnelarbeid. Massene vart med ned til om lag der vegen til Jimdalen går og vidare ned langs vegen mot fjorden. Det vart tidleg sett i gang tiltak for å lage ein rasvoll slik at vatnet som kom vart leia ned i elva.

Medan dei heldt på med det arbeidet, fløymde det òg over i Zakariasdammen og vatn kom på same viset inn i sandfanget oppe i Kamben.

Den vassmengda som lagde det største problemet kom frå Muldalen. Når dei hadde fått stengd det, gjekk det an å kome seg opp i fjellet og tette lukene mellombels.

Vegen opp i Jimdalen og til trallebana vart raskt opna. Måndag denne veka var arbeidet i full gang med å fjerne rasmasse slik at dei kunne ta i bruk trallebana att.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no