Søknaden om grensejustering er sendt

Innbyggjarane i bygdene Eidsdal og Norddal har sagt sitt, og fleirtalet vil at kommunegrensa i framtida vil vere tråd med dette kartet.

Arbeidsgruppa som har arbeidd med kommunetilknytinga til bygdene Eidsdal og Norddal, har no sendt søknad til Fylkesmannen om grensejustering.

Ein av hovudfristane i kommunereformarbeidet er i morgon, 1. juli. Innan då må alle kommunar rundt om i landet ha gjort sine endelege vedtak i kommunereforma. Vedtaka frå alle kommunane vert så sende til dei ulike fylkesmennene rundt om i landet for vidare handsaming der.

Søknad sendt

Arbeidsgruppa som har arbeidd med kommunereforma på vegner av bygdene Eidsdal og Norddal har  no sendt ein søknad til Fylkesmannen i Møre og Romsdal der det vert søkt om grensejustering slik at bygdene Norddal og Eidsdal endrar kommunetilknyting frå Norddal kommune til Stranda kommune. Arbeidsgruppa ber i tillegg om at søknaden vert sett i samanheng med kommunereforma.

Sjølv om både arbeidsgruppa og eit fleirtal av innbyggjarane i Eidsdal og Norddal meiner det beste hadde vore om heile Norddal kommune hadde slått seg saman med Stranda, handlar søknaden til Fylkesmannen om å samle dei tre bygdene Eidsdal, Norddal og Geiranger i same kommune, Stranda.

– Følgjer rådet frå folket

– Kvifor vert ein slik søknad sendt?

– Vi gjer som dei andre som har høyrt innbyggjarane sine og følgjer rådet vi har fått frå innbyggjarane i Eidsdal og Norddal, seier leiar av arbeidsgruppa, Merete Løvoll Rønneberg.

Folkerøystinga som vart halden i dei to bygdene, hadde god oppslutnad, 53 prosent av innbyggjarane deltok, noko som er meir enn for folkerøystinga til Norddal kommune. Resultatet av folkerøystinga på sørsida viste at dersom ein enda ut med slik det no er blitt, at både Norddal og Stranda kommunar gjer vedtak om å halde fram som eigen kommune, vil heile 82 prosent av dei som deltok i sørsidefolkerøystinga endre kommunetilknyting og dermed søkje om grensejustering.

– Rådet frå innbyggjarane er krystallklart, og då må søknaden sendast, slår Løvoll Rønneberg fast.

Grundig søknad

Søknaden som er sendt Fylkesmannen, er omfattande og grundig og lettlest. Den tar mellom anna føre seg prosessen steg for steg fram til no. Det starta med kommunestyrevedtaket i februar 2015 der det vart vedtatt å greie ut fem alternativ, der eitt av alternativa var at Norddal kommune vert delt. Alternativet vart ikkje utgreidd i kommunal regi, dermed vart det same hausten etablert ei lokal arbeidsgruppe i privat regi for å sjå på alternativ for bygdene Eidsdal og Norddal. Ei eiga utgreiing om tilknyting til Stranda kommune vart utarbeidd, folkemøte halde og til slutt ei eiga folkerøysting på sørsida. Arbeidsgruppa tolkar Norddal kommune slik at kommunen – så langt råd er – har forsøkt å oversjå initiativet frå dei to bygdene.

Etter at Norddal kommune valde å ikkje gå vidare med Stranda som eit alternativ i kommunereformarbeidet, ser ein at einaste mulegheit for å arbeide vidare med innbyggjarane sitt ønske om tilknyting til Stranda, er ved å søke om grensejustering. Difor vart folkerøysting gjennomført i slutten av mai der det enda med eit klart fleirtal for å søkje om grensejustering for dei to bygdene dersom Stranda kommune vart ståande åleine – uavhengig av kva val Norddal kommune ville lande på. Størst var fleirtalet om også Norddal kommune skulle velje å stå åleine.

Søknaden tar også føre seg dei fire hovudområda: 1 – gode og likeverdige tenester til innbyggjarane, 2 – heilskapeleg og samordna samfunnsutvikling, 3 – berekraftige og økonomisk robuste kommunar og 4 – styrka lokaldemokrati. Arbeidsgruppa går gjennom kvart av områda, er ærlege på at der er ulemper og vil vere utfordringar, men konkluderer med at trass i ulempene, veg fordelane tyngre.

Arbeidsgruppa seier at eit skifte av kommunetilknyting for om lag 500 innbyggjarar frå Norddal til Stranda kommune, knapt kan seiast å bidra vesentlig til dei overordna målsetjingane med kommunereforma. Likevel, arbeidsgruppa slår fast at det til sjuande og sist er innbyggjarane som utgjer landet si befolkning, også om dei er få.

Moment som er trekt fram

Arbeidsgruppa ser både fordelar og ulemper med å endre kommunetilknyting og viser i det høvet til utgreiinga som vart laga på tampen av fjoråret. Samla sett vurderer dei det slik at fordelane er større enn ulempene, og viser til at eit klart fleirtal av dei som bur i dei to bygdene synest det same.

Når det gjeld tenester vurderer arbeidsgruppa det slik at innbyggjarane i Eidsdal og Norddal vil ha lite å vinne, men også lite å tape på ein overgang til Stranda kommune slik det er no. Dei ser likevel at det vil kunne bli ein gevinst over tid med samordning av tenester slik at det samla sett blir føreseielege tenester for alle dei tre bygdene Geiranger, Eidsdal og Norddal.

Det vert peikt på at dei tre bygdene dannar ei geografisk naturleg eining og som allereie samarbeider tett. Alle tre bygdene har store areal inne i verdsarvområdet og arbeidsgruppa meiner ei heilskapeleg ivaretaking og utvikling av området er lettast å få til under ein felles kommunal paraply. Også med omsyn til tryggleik og beredskap, spesielt med tanke på Åkneset, ser arbeidsgruppa det som ein fordel å vere del av same kommune.

Når det gjeld økonomi, meiner arbeidsgruppa ei tilknyting til Stranda vil kunne løyse ut effektiviseringsgevinstar innanfor tenesteproduksjon, nettopp fordi Norddal og Eidsdal utgjer ei naturleg eining med Geiranger. Om ein får til ei positiv samfunns- og næringsutvikling i området vil dette kunne påverke kommuneøkonomien. Å knyte seg til Stranda kan kanskje løyse ut noko auka overføringar frå staten til Stranda kommune, men det blir slått fast at økonomiske tilhøve vil bli eit forhandlingsspørsmål mellom Norddal og Stranda kommunar ved ei eventuell ny tilknyting til Stranda.

Ein av styrkane ved lokaldemokrati i små kommunar er generelt rekna for å vere nærleik og kjennskap både når det gjeld tenester og personar. Men det kan bli for nært også og slik arbeidsgruppa ser det, vil det vere gevinstar å hente knytt til lokaldemokratiet ved ein overgang til Stranda. Grunngjevinga er at lokaldemokratiet i Norddal kommune over tid har mista legitimitet og oppslutning blant folk på sørsida av fjorden. Det vert sett på som ein gevinst for Eidsdal og Norddal å høyre til Stranda kommune, ettersom avstanden mellom sak og person blir noko større. Likevel vil det vere muleg å framleis ha eit tett forhold til eigne folkevalde i Stranda kommune dersom ein byggjer alliansar mellom Geiranger, Eidsdal og Norddal.

Teikna nye grenser

I søknaden har arbeidsgruppa kome med framlegg til kvar ny kommunegrense kan trekkjast.

Arbeidsgruppa følgjer prinsippet om at alt areal knytt til gards- og bruksnummer i bygdene Norddal og Eidsdal vert lagt inn under Stranda kommune. Dette omfattar også eventuelt anna areal som naturleg høyrer heime i dei to bygdene. Prinsippet elles er at grensa i fjorden vert trekt midtfjords innover Norddalsfjorden mot Tafjorden.Arbeidsgruppa har både teikna kart og kome med ei verbal skildring av framlegg til nye grenser.

Eksisterande kommunegrense mellom Stranda og Norddal går innover Norddalsfjorden om lag midtfjords, med ein skarp knekk mot nord nordaust for Ospahjellneset. I framlegget til ny grense vert grensa trekt vidare frå knekkpunktet, innover Norddalsfjorden og arbeidsgruppa legg til grunn at grensa vert lagt midtfjords. Søraust for Linge får grenseframlegget ein skarp knekk søraustover.

Det er lagt til grunn at ny grense skal vere identisk med grensene mellom landeigedommar knytt til bygda Norddal og landeigedommar knytt til bygdene Fjørå/Tafjord. Det vert også påpeikt at i dette området må eigedomsforholda avklarast før ny kommunegrense kan fastsetjast. Frå Kyrkjefjellet og vidare sørover, så søraustover og vidare sørvest- og vestover, skal framlegg til ny kommunegrense følgje grensa mellom gardane i bygda Norddal og gardane i bygdene Fjørå og Tafjord. Grensa vert i praksis gåande om lag i vasskiljet mellom desse bygdene.

Så står det att å sjå kva kart Fylkesmannen endar opp med å teikne når han i løpet av hausten skal vurdere alle vedtak og andre innspel – som dette frå sørsida, før han kjem med si innstilling i saka.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no