Sol og varm sand i Muribugen

Dei herlege dagane med sol og varme den siste tida har fått folk til å finne fram badetøyet og vegen ned til fjorden. På badeplassen, som før sesongen starta, vart rydda og oppgradert av Valldal Hornmusikklag og elles folk som hadde lyst, har folk stokosa seg dei solfylte dagane.

I helga stod bilane tett og born og vaksne slikka sol og bada i den friske fjorden.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no