Som skapt for å lage film av

Øystein Wiik tok dei frammøtte i kultursalen på Martin Linge-huset gjennom ei levande skildring av korleis han ser føre seg historia om Martin Linge i filmversjon.

Slik karakteriserte Øystein Wiik og Helge Hjelle livet til Martin Linge då dei denne veka var på besøk for å presentere idéen slik han no ligg føre.

Martin Linge-huset i Valldal var den sjølvsagte staden for representantar frå både kommune, næringsliv og andre å møtest for å diskutere eit slikt prosjekt. Og det var ein særs interessant idé som vart presentert.

Skriv manus

Øystein Wiik er for mange kjent frå scena og stor songstemme som til dømes i rolla som Jean Valjean i «Les Misérables» ved Det norske teatret i 1988. I tillegg er det nok fleire enn lokalavisa sin utsending som har lese krimbøkene hans. Det som kanskje ikkje alle veit, er at Wiik også skriv tekstar for scene, særleg musikalar. No er han i gang med manus til det som skal bli ein film om Martin Linge.

– Planen og ønsket er eit heilaftans actiondrama om Martin Linge, litt i same gate som filmar om andre krigsheltar som Max Manus og Jan Baalsrud, sa Wiik som kunne fortelje at Martin Linge er ein mann han har arbeidd med i mange år.

Kaptein Linge Hotell

Det heile starta ein gong Wiik heldt konsert i Måløy og budde på det som den gongen heitte Kaptein Linge Hotell. Det at det var eit hotell med det namnet, fekk han til å interessere seg for denne kaptein Linge som hadde fått eit hotell oppattkalla etter seg. Så var han attende i 2008 der han var kunstnarisk ansvarleg for opninga av Tall Ships Race. Så kom Måløyraidsenteret der han har vore delaktig i å utforme og lese inn tekstane, i tillegg til å bidra inn i utforminga av senteret – sett frå ein scenisk ståstad.

– Ønsket om å lage ein spelefilm kom for mange år sidan då eg fann ut at historia til Martin Linge – i original tapning – inneheld dei fleste element frå klassisk tragedie og drama, fortalde han og trekte nokre liner til akkurat det. At Martin Linge var skodespelar og etter kvart ein arbeidslaus skodespelar og som gjennom krigsinnsatsen fekk høve til ei hovudrolle større enn noka scene kunne tilby han.

Fiksjon, ikkje biografi

Wiik seier at livet til Martin Linge har alle ingrediensar som skal til for å lage ein god film – det er tragedie og drama og ein kjærleikshistorie.

– Martin innleia eit forhold til Rosemary Reed, han frir og dei skal gifte seg – han skulle berre gjere frå seg Måløyraidet først og så endar det med at han er den einaste frå den norske kontingenten som mistar livet der, fortalde Wiik som seier at filmen i tillegg vil handle om personen og mennesket Martin Linge og presiserte at filmen er fiksjon.

– Vi bruker dei historiske fakta, men vi vil også tillate oss å dikte. Noko av poenget er å skape eit bilete av ein helt, men ikkje ein sjablongaktig karakter som ein ofte ser i slike filmar, men eit bilete av helten som eit heilt menneske, sa Wiik og la til at ein helt er eit heilt vanleg menneske som gjer uvanlege ting.

Han ser ikkje føre seg ei kronologisk historie frå vogge til grav, men heller det han kalla eit fortetta drama der han innimellom ser attende i tid.

– Planen er å gå rett inn i dramaet allereie i starten av filmen, sa Wiik og starta forteljinga av historia slik han ser den føre seg no, med start i Lofoten og slutt i Måløy. Eg vil ikkje fortelje for mykje av historia – de får vente i spenning til filmen har premiere og de kan sjå sjølve. Wiik formidla «storyen» med skodespelaren si innleving, og dette var mykje betre enn allverdas lysark og skrivne ord om saka.

Ein samansett person

Gjennom forteljinga er det heilt tydeleg at Øystein Wiik er ein som kan mykje, svært mykje, om livet til Martin Linge. Det er tydeleg at dette er ein person han har via stor interesse over lang tid.

Wiik skildrar ein person med vågemot, dristigheit, besluttsamheit, ein romantiker og ein med lidenskap for kampen. Han var ein person som etter oppdraget i Lofoten vart lovprisa av Churchill – som truleg såg mykje av seg sjølv i Martin Linge og som dermed fekk ansvaret for å byggje opp den norske kontingenten i England. Det er no, i ein alder av 47, han treffer den 22-årige Rosemary Reed og dei utviklar etter kvart eit kjærleiksforhold. Wiik fortel om «Operasjon Kitbag», eit raid mot Florø saman med mellom andre Jack Malcolm Thorpe Fleming Churhill, eller «Mad Jack» som han vart kalla, eit raid som vart avlyst iallfall i den formen raidet var planlagt. Han fortel om at det på kjærleiksfronten ikkje går heilt på skinner – og at siste gongen Martin Linge såg kjærasten sin var då han tok toget frå London, frå spor nummer 13.

– Livet skriv med sin ironiske penn, slo Wiik fast.

Svein Linge var mellom dei som var til stades på Martin Linge-huset denne dagen. Han var kritisk til nokre av tinga Øystein Wiik hadde lagt inn i forteljinga. Då gjentok Wiik at ein slik film vil vere ein miks av faktiske hendingar og dikting, men at målet er – i tillegg til å skildre dei mange fasettane av mennesket Martin Linge – å belyse kva betydning Måløyraidet hadde i kampen mot tyskarane.

Tidsaspekt og pengar

Øystein Wiik samanliknar filmen om Martin Linge med filmen «Den 12. mann» om Jan Baalsrud si to månader lange flukt med Gestapo i hælane. Filmen hadde eit budsjett 64 millionar kroner og Wiik ser føre seg at budsjettet for filmen om Martin Linge vil ha eit budsjett på kring 100 millionar kroner.

Det første det blir arbeidd med er å skaffe midlar til utvikling av manus. Deretter må ein ut og hente kapital til faktisk å lage filmen. Wiik ser føre seg at arbeidet med manus vil gå frå no og til mars/april neste år. Deretter er det å sjå på ulike locations, eller stader å filme, ein skal finne dei som skal spele dei ulike rollene og slike ting. Han ser føre seg at ein kan vere klar til å starte filminga i løpet av vinteren 2019/2020 med etterproduksjon våren 2020 og premiere om hausten.

– Men altså, finansiering er det største problemet, slo Wiik fast og la til at ein ønskjer seg investorer heller enn sponsorar.

– Ein investor i ein slik film vil, om filmen går bra, kunne få tildels ganske god avkastning på pengane dei har investert, seier han og håper at det vil gjere det enklare å få finansieringa på plass når den tid kjem. Wiik minner også om at det i løpet av filminga vil generere mykje aktivitet i lokalsamfunnet i form av overnatting, mat og anna.

– Og ikkje minst vil det kunne generere besøk i etterkant når folk har sett filmen, meinte han. Han fortalde at dei har sett på publikumstala for tilsvarande filmar, mellom anna var det 1,1 millionar menneske som gjekk på kino for å sjå «Max Manus».

– Eg meiner at Martin Linge er langt meir interessant enn Max Manus, i tillegg til at Martin Linge sitt liv i seg sjølv er dramaturgisk langt betre, sa han.

Filming lokalt

Det som vil bli filma i Norddal kommune er iallfall glimt frå barndommen og Wiik ser også føre seg ei scene som viser den gongen Martin Linge svømte over Norddalsfjorden. Onkelen som døydde er også noko han tenkjer seg å ha med.

– Flammer og regn er to ting som ser ut til å ha følgt Martin Linge gjennom heile livet, sa han.

Men attende til finansiering. Wiik fortalde at ein sjølvsagt ikkje seier nei til sponsorar.

– Men eg tenkjer det er meir fair å tilby investorprosisjon slik at investorane får litt tilbake om filmen går bra, sa han.

Ordførar Arne Sandnes syntest idéen var strålande og likte historia slik Øystein Wiik skisserte ho.

– Det er inga tvil om at Martin Linge må bli film, slo ordføraren fast. Og kanskje blir det ikkje premiere før i 2021 – og då hadde det vore artig med premiere tredje juledag, på dagen 80 år sidan Martin Linge miste livet i Måløyraidet.

Med seg har Øystein Wiik fått Nick Osborne som regissør. Osborne er prisbelønt innan reklamefilmens verd, men har no bevega seg meir og meir i retning av spelefilm. Wiik tek gjerne turen attende til Valldal saman med både regissør og produsent når det nærmar seg tid for å hente inn finansiering til filmen.

Næringssjef i Norddal kommune, Toralv Klokkehaug, seier at kommunen er svært positiv til prosjektet og at han har bede om å få tilsendt søknad om støtte samt budsjett og finansieringplan. Han seier vidare at når søknaden kjem, vil den bli behandla på nyåret.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no