Sommarjobb til glede for mange

No er området på Øvstestølen på Liasetra snart rydda. I tillegg skal eit område langsmed Setervatnet òg ryddast, for å betre utsikta utover vatnet.

I november i fjor gjekk grunneigarane på Lied i Liabygda saman og søkte på midlar frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal til utsiktsrydding på Øvstestølen på Liasetra, i tillegg til eit område langsmed Setervatnet.

Før året var omme fekk dei svar om at søknaden var innvilga og fristen for gjennomføring av arbeidet var sett til 31. desember 2019. Dei fekk dekt 70 prosent av kostnadane og tilskotet vart då på 79.000 kroner.

Eit perfekt prosjekt

Landbruks- og matdepartementet innførte i 2016 ei ordning for rydding av kulturlandskap og utsiktspunkt av særleg verdifull karakter sett frå landbruket og reiselivsnæringa si side. Dette var noko grunneigarane på Lied såg på som eit prosjekt som passa godt for Øvstestølen. Til å utføre sjølve ryddejobben hyra dei to ungdomar frå bygda. På det viset vart det sommarjobb for nokre, kulturlandskapspleie for andre og flott turterreng for alle dei som nyttar området. I tillegg vil også grunneigarane og hytteeigarar i området stille på dugnad for at arbeidet skal bli fullført.

Matias Lied og broren Hallvard har hatt mykje å gjere dei vekene dei har arbeidd i skogen på Liasetra.

Sommarjobb

Å få moglegheita til ein slik sommarjobb sette Matias og Hallvard Lied stor pris på. Med traktor, vinsj, tømmerklo og motorsag med verneutstyr tok dei fatt på arbeidet med å synleggjere kulturlandskapet på Liasetra denne sommaren. Storfjordnytt trefte Matias Lied heime på garden på Lied fredag sist veke. Matias Lied har hatt lappen på traktor sidan han var 16 år og hjelper til på garden der det trengst. I dag er han 18 år og skal ta til på tredje året på skigymnaset på Stranda, han er òg med på krinslaget i langrenn. – Vi har brukt nokre veker på jobben og både Hallvard og eg likar begge godt å vere ute og arbeide. Det skal seiast at det vart litt varmt somme tider denne sommaren, med verneutstyret og krevjande fysisk arbeid. På dei varmaste dagane starta vi tidleg på morgonen og tok ein god pause midt på dagen og tok til att i kveldinga. Det vart rett og slett for varmt å arbeide, seier Matias.

Øvstestølen

Området på om lag 19 mål var innanfor stølsmurane på Øvstestølen. Dei rydda først ei gate på utsida av murane slik at dei vart synlege. Så gjekk dei laus på kratt og skog innanfor. Nokre tre hadde grunneigarane merka fordi dei skulle stå att. No er terrenget opna opp og gir eit heilt anna inntrykk av staden. Mange brukar området til tur og rekreasjon. – Det har vorte mykje betre her oppe no. Utsikta er koma attende og det er mykje lettare å gå i området. Det vert òg mogleg å køyre ned her på ski vinterstid når folk kjem heimatt frå fjellturar, seier Matias. Han er glad for å ha hatt ein slik, på fleire måtar, meiningsfull sommarjobb. Dei rydda områda skal haldast ved like av beitedyr og det dei ikkje greier halde nede, skal grunneigarane halde ope til glede og nytte for dei som ferdast i området. – No er vi stort sett ferdige, men litt rydding står att. Saman med grunneigarane skal vi sjå over området i tilfelle vi har sett att noko, seier Matias muntert.

Skulestart

Matias Lied seier at det skal bli greitt å starte på skulen att og få struktur på kvardagen og kome inn i faste rutinar. Arbeidet i skogen i sommar har gjort at han er i god form, det er fysisk krevjande å jobbe i skogen. Når han ikkje trener ute med til dømes rulleski og litt springing, nyttar han lokala på Fjordtrim i Valldal til å styrke kroppen for å få variasjon i treninga.

 

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no