Sosialt og triveleg

Ei pause i arbeidet. Frå venstre Per Roar Alstadsæter, Lars Kjell Smoge, Jakob Hanssen, Jon Inge Smoge og Ottar Flydal.

Laurdag var det nasjonal strandryddedag, og i Valldal var det full aktivitet ved småbåthavna.

I strålande sommarvêr gjekk Storfjordnytt seg på nokre karar som arbeidde nede ved Valldal Marina. Det viste seg at det var dugnad – og karane både kosta og kvista og rydda. Søppeldunkane vart vaska og spylte så lukta av salmiakk hang som ei sky over området.

– Men det luktar i det minste reint, kommenterte ein av karane.

Det er mykje som vert diskutert når ei handfull karar møtest til dugnad. Og dei seier det sjølve: Halve moroa er det sosiale, å prate og skrøne litt.

Når dei først har lokalavisa på besøk, er det ting dei gjerne skulle ha påpeikt. Først av alt er dei er veldig glade for at folk nyttar området, ikkje berre båtfolket, men andre også, men ikkje alt det fører med seg er dei like glade folk.

– Men når de luftar hundane, ver så snill å ha med dykk poser og ta opp skiten etter hundane dykkar. Det er ikkje noko kjekt å trakke i det og kanskje dra skiten med seg inn i båten eller andre stader, seier dei og meiner heilt bestemt at når ein har hund, har ein visse plikter – som det med å plukke opp hundelort og å ha hunden i band, iallfall no når det er bandtvang. I tillegg er dei fortørna over at benkar og slikt ikkje får stå i fred, men blir utsett for hærverk.

– Det er så unødvendig, slår dei fast og legg til at det er så leitt at folk ikkje tar meir ansvar for å halde det fint og triveleg rundt seg.

Men bortsett frå dei to hjartesukka om hundebæsj og hærverk, er dei muntre karar som er opptekne av så mangt, alt frå politikk generelt til kommunereforma spesielt – og mykje, mykje anna. Arbeidet vart avslutta med litt å bite i og brus, ein god prat og mykje latter.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no