Spelar inn religiøse folketonar

Charis frå Stordal er sett saman av frå venstre: Julie Olsen Almås, Mathilde Vinje Øvrebust, Emilie Sylte Hove, Vilde Lorgen Øvrebust og Amalie Ekroll Hove.

Dei fem jentene i Charis frå Stordal har mange ting felles. Ein av dei er at alle starta å synge i Stordal barnekor allereie som treåringar.

I helga var det CD-innspeling i Ørskog kyrkje med gode musikarar frå fylket, musikken tilrettelagt og arrangert av Odd Johan Overøye og produsent var Ingrid Hanken.

Eit unikt høve

Planlegginga av dette prosjektet har tatt ei stund og dirigent Ragnhild Fauske fortel at dei har søkt Sparebanken Møre om midlar over fleire år. I tillegg har dei søkt om og fått Frifond-midlar. Helselaget i Stordal har òg bidratt med midlar til prosjektet. No håpar dei lokale bedrifter og verksemder støttar opp, så prosjektet kan fullførast.

– Dette er ei unik moglegheit for desse flinke jentene. Ein slik produksjon vil verte ei verdig avslutning på det gode samarbeidet dei har hatt. Å få arbeide saman med så profesjonelle musikarar i tillegg til å få tilrettelagt og arrangert musikken spesielt til seg av Odd Johan Øverøye, det må vere ei flott oppleving, seier Ragnhild entusiastisk. 

Resultatet skal bli ein jule-CD med religiøse folketonar frå mange land. Frå vårt område vil det vere folketonar frå Stordal, Sykkylven og Skodje. 

Produksjonen vil vere klar i november ein gong om det kjem inn nok midlar, og Charis håper å kunne halde konsertar i det høvet.

Ragnhild Fauske har leia Stordal barnekor og Charis i ei årrekkje og gler seg over at dei fem jentene får ei slik oppleving.

Tilrettelagt

Det er Odd Johan Overøye, Ingrid Hanken og Ragnhild Fauske som har plukka ut songane i lag med jentene. I tillegg til dei norske folketonane, vil det vere folketonar frå Sør-Afrika, Frankrike, Irland og Spania.

Øyvind Driveklepp er lydansvarleg og kyrkjerommet i Ørskog kyrkje vart valt på grunn av den flotte akustikken, i tillegg til at kyrkja ligg skjerma til.

Dei har hatt nokre møte og ei god øvingshelg saman med arrangør og produsent før opptaka i helga. Dei starta fredag og jobba intensivt til søndag kveld.

Charis

I dag er to av jentene i Charis 17 år, to er 18 år og ei har rukke å bli 19 år.

Stordal barnekor er knytt til Norsk Luthersk Misjonssamband og har sitt opphav på bedehuset i Stordal. Då desse jentene vart for store til å synge i barnekoret, starta Ragnhild Fauske vokalgruppa Charis med dei. 

– No har dei fått sitt heilt eige opplegg som dei kan arbeide med og det er lett å sjå at dei stortrivst med dette prosjektet. Dei har arbeidd konsentrert og energisk desse dagane og resultatet vert fantastisk flott. Du merkar det på musikarane òg, dei vert engasjerte av desse flotte jentene, fortel Ragnhild Fauske kviskrande ute i våpenhuset under innspelinga. 

Ho synest det er svært verdifullt for jentene å få oppleve dette, og er takksam for at Odd Johan har engasjert seg slik han har gjort og delt både av kunnskapen og kontaktnettet sitt med dei. 

– Foreldra til jentene har alltid stilt opp med praktisk støtte på best mogleg måte, slik også denne gongen, fortel Ragnhild medan Storfjordnytt listar seg ut til folketonar frå Møremusikarane.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no

Ingrid Hanken og Odd Johan Øverøye er høvesvis produsent og arrangør på innspelinga med religiøse folketonar som Charis frå Stordal gjorde sist helg i Ørskog kyrkje.