Spennande menneske og smaker

Denne sporty gjengen med opphav i Thailand song nasjonalsongen sin for dei som var til stades på Grendasalen i Stordal under den internasjonale kulturfestivalen som vart arrangert sist laurdag.

Menneske frå mange ulike nasjonar bur og virkar i Stordal kommune. To gongar tidlegare har dei arrangert internasjonal kulturfestival og sist laurdag var tredje gongen.

Denne gongen heldt festivalen til på Grendasalen og utanfor hadde dei fem politiske partia i Stordal sine stands.

Mat- og kulturfest

Alle nasjonane i Stordal var inviterte til å lage i stand med særpreg frå sitt land. Grendasalen var full av aktivitet og god matlukt. Det er spennande å skulle smake på forskjellig mat og snakke med folk du knapt har sett før. Då er det godt å ha noko å halde i og snakke om. På eitt av borda som serverer smaksprøver har Nirmala og Retnam Vasanthavasan frå Sri Lanka sett fram svinekjøt, ris og salat. På bordet hadde dei òg skrive kva kvar rett inneheldt og der var det ein litt annleis bruk av krydder som kanel og kardemomme enn det vi er vane med. Godt smakte det, og krydderbruk vart notert.

Hjalti Gardarsson byr på kjøtsuppe frå Island

Hjalti Gardarsson byr på kjøtsuppe frå Island

Kjøtsuppe

Frå Island laga dei kjøtsuppe litt slik vi sjølve gjer det her i Norge, men med både ris og havremjøl og ferskt sauekjøt, nydeleg. Hjalti Gardarsson var den som auste opp suppe og han kunne fortelje at det i Stordal bur om lag 15 menneske med islandsk opphav.

Det er meir enn mat i Grendasalen i Stordal denne dagen og Bjørg Jakobsen annonserer  ein dansar frå Sri Lanka. Inn kjem Virusha Naguleswaran i ei flott drakt og dansar indisk dans. Ei oppleving både for auge og øyre.

Lesestund

Ein innhaldsrik stand frå Nederland får folk til å stoppe. Du kan sjå ein film om landet, smake både søtt og salt og kjøtbollar i peanøttsaus. Stordal pensjonistlag er òg til stades med smaksprøver på mellom anna svele.

Så er det klart for nytt innslag frå scena og ein sporty gjeng med jenter frå Thailand stiller opp og syng nasjonalsongen sin. Biblioteket er til stades ved Bjørg Moltu og ho lagar lesestund frå scena. Born set seg ned og får høyre eventyret om bymusikantane i Bremen, der ein hane vart trua med å verte kokt suppe på, slik gjer dei det der. Fem unge jenter står og lurer på noko i lag då lokalavisa spør kva det er.

– Vi prøver å finne svara på Stordal sin internasjonale quiz.

Det var fleire som serverte mat og hadde stand. Arrangement varte i om lag tre timar og til slutt fekk dei som lurte på det, svara på dei spørsmåla som var så vanskelege.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no